Studieprogramnamn
Skuleretta samfunnsfag L (lokal gjennomføring)Engelsk studieprogramnamn
-Studietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 stpStudielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn - i ulike tidsepokar og ulike deler av verda og samspelet/konflikten mellom natur og samfunn:
Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse og er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar.
Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, politisk makt og politiske prosessar, norsk etterkrigstid, afrikansk geografi og historie med særleg fokus på Aust-Afrika. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
· har kunnskap om kart og kartbruk i skulen næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
· har kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
· har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi, og kjenner til afrikansk historie, geografi og samfunnsliv
· kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp
· har kunnskap om samfunnsfaglege og vitskaplege teoriar og metodar, og relevant forskings- og utviklingsarbeid i faget
· har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
· har kunnskap om naturgrunnlaget, klima, miljø, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt
· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til den andre verdskrigen, og til ungdoms historieforståing og historiebruk
· har kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra, og dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking
DUGLEIKAR
Studenten
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
- kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
- kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
- kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
- kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar, og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
- kan fremje elevane si evne til kreativitet i arbeidet med samfunnsfaglege spørsmål
- kan vurdere måloppnåinga til elevane med og utan karakter, og grunngje vurderingane
- kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
· kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
· har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
· kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
· kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
· har innsikt i skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon og læraren som aktør i desse samanhengane
Fagleg oppbygging
Følgjande emne inngår i studiet:
· Natur og samfunn i Noreg, 15 stp.
· Konfliktar i samfunnet, 15 stp.
· Politikk og demokrati: Kontinuitet og vendepunkt, 15 stp.
· Aust-Afrika, 15 stp.
Til emnet Aust-Afrika høyrer ein studietur på om lag ein månad til Kenya. For dei studentane som ikkje ønskjer eller ikkje har høve til å vere med på studieturen, er det eit alternativt opplegg.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| SRS101 |
Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn i Noreg (lokal gjennomføring) |
15,00 | O | 15 | |
| SRS103 |
Skuleretta samfunnsfag: Urbanisering og globalisering, kontinuitet og vendepunkt (lokal gjennomføring) |
15,00 | O | 15 | |
| SRS102 |
Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (lokal gjennomføring) |
15,00 | O | 15 | |
| SRS104 |
Skuleretta samfunnsfag: Aust-Afrika (lokal gjennomføring med tilbod om studietur) |
15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Praksis
Dei som tek dette studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, skal ha undervisningspraksis i samsvar med gjeldande modell (seks veker for eit heilt studieår). Dei studentane som ikkje skal ha praksis, skal gjere anna studiearbeid med tilsvarande omfang.Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Odd Ragnar Hunnes tlf 70 07 52 96 orh@hivolda.noStudieprogramkode
SRSARAvdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

