Studieprogramnamn
Forvaltningsarbeid - nettstudiumEngelsk studieprogramnamn
GovernanceStudietype
Vidareutdanning på bachelornivåStudiepoeng (ETCS)
15 stpStudielengd
1 semester (vårsemesteret)Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Emnet gir ei kort innføring i :
- Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar. Styring, kontroll, omstilling, etikk. Brukarorientering. Sakshandsamingsprosessen. Organisasjonsteori. Styringsmåtar i offentleg forvaltning.
- Offentligrettslige emner (forvaltningsloven og arbeidsrett)
Emnet kan takast som eit frittståande emne eller som ein valfri del av bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. For folk som driv med sakshandsamararbeid, kan emnet gje eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. I kombinasjon med dei andre emna i bachelorstudiet er emnet med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Det er eit mål at studenten
- har kunnskap om organisering av og viktige funksjonar i offentleg forvaltning
- har kunnskap om viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- har kunnskap om viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
FERDIGHETER
Det er eit mål at studenten
- kan gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til tenestemannsrolla sine utfordringar i forvaltninga
kan reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Fagleg oppbygging
Studiet er nettbasert og føreset aktivitet på e-læringsklasserommet Fronter der nettleksjonar og informasjon vert lagt ut.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester |
|---|---|---|---|---|
| S1(H) | ||||
| IPA106-AVG | Forvaltningsarbeid | 15,00 | O | 15 |
| Sum: | 15 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Studieavgift: Kr. 3000 + semesteravgift.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Bernt Olav Øvregaard, tlf. 70075191, berntolav.ovregaard@hivolda.noStudieprogramkode
IPAAVG (IPA106-AVG)Avdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

