Studieprogramnamn
Planlegging og administrasjonEngelsk studieprogramnamn
Bachelor in Planning and AdministrationStudietype
BachelorgradsstudiumStudiepoeng (ETCS)
180 stpStudielengd
6 semesterOpptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon gir ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap og organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkelyset er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlag for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon, samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid.
Med sin tverrfaglege og yrkesretta profil vil studiet kunne rekruttere kandidatar til eit breitt utval av arbeidsoppgåver og yrke både innan offentleg, privat og frivillig sektor. Samstundes vil studiet vere ei god plattform for ulike typar vidareutdannings- og mastergradsløp.
Læringsutbytte
Studenten skal tileigne seg kunnskap om og forståing av:
- økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk, og dei politiske utfordringar desse gir i forhold til berekraftig utvikling
- det teoretiske og metodiske grunnlaget for planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
- strategiar og tiltak for å utvikle robuste og attraktive regionar, kommunar og lokalsamfunn – både i eit teoretisk perspektiv og i lys av regionalpolitiske vedtak og rammevilkår
Studenten skal kunne:
- analysere og forstå utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og styringsverk
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
- gjennomføre sjølvstendig fagleg arbeid, både individuelt og i gruppe
- samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
- utvikle eigen innsikt og kompetanse knytt til planlegging, administrasjon og utviklingsarbeid
Studenten skal generelt kunne:
- vurdere problemstillingar og drøfte ulike løysingsalternativ
- føreta kritiske vurderingar av perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for arbeidsoppgåver knytt til planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
- bruke strategiar og verktøy knytt til tverrfagleg planlegging og utviklingsarbeid på ein konstruktiv og kritisk måte
- ha evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som tilretteleggjar av planleggings- og utviklingsprosessar
Fullført studium vil gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for arbeid med planlegging, forvaltning og utviklingsarbeid i offentleg sektor og andre samfunnsområde.
Dette kan omfatte arbeid med oppgåver knytt til planlegging, administrasjon, organisering og leiing av ulike typar utviklings- og omstillingsarbeid. Studiet er også veleigna som bakgrunn for annan yrkesaktivitet, t.d. organisasjonsarbeid og informasjonsverksemd. Utdanninga kvalifiserer til vidare påbygging til mastergradsstudium, t.d. master i samfunnplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
Fagleg oppbygging
Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon er lagt opp som ei fleksibel samfunnsvitskapleg grunnutdanning med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Studieprogrammet gir 180 studiepoeng og går over seks semester. Av dette er 120 studiepoeng obligatoriske og 60 valfrie.
Første studieår inneheld to tverrfaglege emne, Samfunnskunnskap og Forvaltningskunnskap , kvar på 30 studiepoeng. Emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to førsteårsemna. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
Studentar som ynskjer å avslutte etter eitt år, kan be om ei karakterutskrift for fullført Årsstudium i samfunnsvitskap; sjå dette.
Andre studieåret er valfritt. Instituttet tilbyg nettbaserte emne innan ulike fagområde: IPA 105 Økonomi, IPA 106 Forvaltningsarbeid, IPA 107 Offentleg rett 1, IPA 108 Offentleg rett 2 og IPA 109 Offentleg rett 3, samt emnet IPA 203 Prosjektarbeid som praksis . Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular. Tidlegare fagemne/studiar vil eventuelt kunne innpassast/godkjennast her.
Det tredje studieåret har tre obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emnet Plan- og utviklingsarbeid på 30 studiepoeng. 6. semester omfattar to emne på 15 studiepoeng: Administrasjons- og organisasjonskunnskap – og Bacheloroppgåve med sjølvvalt tema.
Kull 2011
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| IPA111 | Samfunnskunnskap | 30,00 | O | 15 | 15 | ||||
| IPA112 | Forvaltningskunnskap | 30,00 | O | 15 | 15 | ||||
| IPA203 | Prosjektarbeid som praksis | 15,00 | V | 15 | |||||
| Sum: | 30 | 30 | 0 | 30 | 0 | 0 | |||
Tidlegare kull (2. og 3. studieår 2011/2012)
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| IPA105 | Kommunal økonomi | 15,00 | O | 15 | |||||
| IPA202 | Samfunnsplanlegging | 15,00 | O | 15 | |||||
| IPA107 | Offentlig rett 1 | 15,00 | O | 15 | |||||
| IPA201 |
Regionalt utviklingsarbeid og endringsleiing |
15,00 | O | 15 | |||||
| IPA213 |
The European Union and Regional development: theories and practice |
15,00 | O | 15 | |||||
| IPA210A |
Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid |
15,00 | O | 15 | |||||
| IPA203 | Prosjektarbeid som praksis | 15,00 | V | 15 | |||||
| IPA106 | Forvaltningsarbeid | 15,00 | V | 15 | |||||
| IPA108 | Offentlig rett 2 | 15,00 | V | 15 | |||||
| IPA113 |
Regional development in the European Union |
10,00 | V | 10 | |||||
| Sum: | 0 | 0 | 30 | 30 | 30 | 30 | |||
Praksis
IPA 203 Prosjektarbeid som praksis er eit valfritt emne i 4. semester. Studentane skal her planlegge og gjennomføre eit praksisopphald på 12 veker. Aktuell praksisplass kan vere innan offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil her også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet. Praksisopphaldet skal dokumenterast gjennom ein eigen praksisrapport som utgjer eksamensarbeid for emnet.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Valfrie semester:
Både 3. og 4. semester i bachelorutdanninga er valfrie. Studentane kan her velje mellom ulike undervisningstilbod ved HVO eller tilbod frå andre utdanningsinstitusjonar i Norge eller utlandet. Emne (inntil 60 studiepoeng) frå andre universitet og høgskular vil også kunne innpassast her.
Instituttet er medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk med europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging. Det er også inngått intensjonsavtalar kring program for studentutveksling med institusjonar i India og USA.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Magnar Hjertenæs, mh@hivolda.no, tlf.: 70075103Studieprogramkode
OFFBVAvdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

