Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiekatalogen 2010-2011

Slektsgransking


Historisk institutt ved Høgskulen i Volda i samarbeid med foreininga DIS-Norge (Databehandling i slektsforskning: http://www.disnorge.no/) tilbyr 15 studiepoeng i slektsgransking. Studiet tek sikte på å gje deltakarane grunnleggjande innsikt i korleis ein driv slektsgransking på historiefagleg forsvarleg nivå, og er delt i to delemne, Slektsgransking I og II, der det andre byggjer på det første. Det vil vere høve til å ta berre eitt av delemna.

Karrierevegar

Ein kan søkje om å få studiet innpassa som del av ordinær bachelorutdanning i historie ved høgskular og universitet i Noreg.

Du kan søke studiet her.

Kort om programmet

Slektsgransking som fritidsaktivitet er i sterk vekst, ikkje minst fordi Arkivverket i Noreg stadig legg arkivmateriale på Internett i form av skanna mikrofilm. Alle norske kyrkjebøker som ikkje er sperra av personvernomsyn kan no nyttast fritt av alle, og anna historisk kjeldemateriale av interesse for slektsgranskarar vil kome i stort omfang dei næraste åra.

Flytting og byvekst har òg synt at den generelle interessa for å finne røter og opphavs­situasjonar er aukande. Det er da viktig at denne interessa får eit fagleg forsvarleg fundament slik at ein unngår useriøs tilnærming til fagfeltet. Dette kan òg stimulere til auka forståing for kulturbasert reiseliv i nye befolkningsgrupper.

Dette lærer du

Det blir i første delemne lagt størst vekt på å gje studentane forståing for fagområdet og oversyn over dei mest brukte kjeldene og arbeidsmetodane ein nyttar i slik aktivitet. Dei meste sentrale kjeldene, kyrkjebøker og folketeljingane, blir grundig behandla. Ein får òg ei kort innføring i gotisk handskrift og ei første innføring til arbeid med originalkjelder i arkiv.

I det andre delemente skal studentane få meir systematisk kjennskap til korleis ein løyser forskjellige problem ein støyter på i noko meir vidaregåande slektsgransking. Dei skal m.a. vere i stand til å skrive slektsbøker og behandle slektsforhold i biografiar og lokalhistorisk litteratur på ein fagleg forsvarleg måte.

Slik er studiet lagt opp

Høgskulen tilbyr studiet i form av to delemne, Slektsgransking I og II. Slektsgransking I blir tilbode hausten 2008, medan begge delemna vil bli tilbode våren 2009 (dersom det melder seg nok studentar). Kvart delemne utgjer 7,5 studiepoeng, slik at studiet samla gir 15 studiepoeng. Slektsgransking II vil bygge på Slektsgransking I eller tilsvarande kompetanse. Meir røynde slektsgranskarar kan derfor starte med Slektsgransking II. Til saman vil desse to delemna utgjere 15 studiepoeng.

Studiet er nettbasert og har som føresetnad at studentane har tilgang til internett og elementær kjennskap til tekstbehandling og internettbruk.

Studiet er praktisk opplagt; læringa skal i hovudsak skje gjennom praktiske arbeidsoppgåver der studentane må nytte dei viktigaste kjelder og metodar på konkrete situasjonar innan fagområdet. Det blir laga ein semesterplan med faste fristar for innlevering av obligatoriske oppgåveutkast og diskusjonsinnlegg.


Utdanningsnivå:
Vidareutdanning
Søknadskode:
Studiestart:

Studiepoeng (ECTS):
15
Søknadsfrist:
Studielengd:

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse.


Kontakt:

Arnfinn Kjelland, tlf 70 07 51 06, e-post: ak@hivolda.no

Studiekoordinator: Grete M. Brøste, tlf 70 07 51 76, e-post: gmb@hivolda.no


 

 

Ressursar