Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiekatalogen 2010-2011

Informasjon og media


Alle verksemder har behov for kunnskap om media og kommunikasjon. For dei fleste organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere seg sjølve på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer internt og med omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi. Bachelorgradsstudiet i informasjon og media gir slik kommunikasjonskompetanse, og utdanninga kvalifiserer for informasjonsfagleg arbeid i alle delar av samfunnet.

Karrierevegar

Informasjons- og kommunikasjonsbransjen er i vekst, og arbeidsutsiktene er mange og varierte. Informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda har lange tradisjonar og eit godt utbygd nettverk til sentrale yrkesmiljø. Gjennom utplassering i arbeidslivet i siste semester får kvar einskild student direkte kontakt med desse yrkesmiljøa, noko som er nyttig ved seinare jobbsøking. Bachelorgradsstudiet i informasjon og media kvalifiserer for opptak til relevante mastergradsstudium. .

Les meir om - Karrieredag for Informasjonsstudentar

Praksis

Praktisk øving er ein viktig del av studiet. Praksisen er fordelt over fire periodar på til saman seks månader. I første og andre praksisperioden lagar du internavis, presentasjonar, brosjyrar og lærer å publisere via Internett. I tredje praksisperioden vil du arbeide saman med andre i grupper og utarbeide informasjonsplanar og kampanjar for bedrifter og organisasjonar. I den siste praksisperioden blir du utplassert i private bedrifter, offentleg forvaltning eller i ulike organisasjonar. Her vil du ta del i det daglege arbeidet i ei informasjonsavdeling og få eit godt innblikk i arbeidslivet.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet (inntil eitt semester) ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Kort om programmet

Informasjonsutdanninga gir ei innføring i praktisk og teoretisk informasjonsarbeid, og skal gi kompetanse i å planleggje og gjennomføre konkrete informasjonstiltak. Dei sentrale faga er informasjon og samfunnskontakt, PR, journalistikk og medievitskap. Det er òg eit viktig mål å gi studentane eit bevisst forhold til tale-, bilet- og skriftspråk. Det blir lagt til rette for spesialisering gjennom dei valfrie delane av utdanninga og for å ta delar av utdanninga i utlandet.

Dette lærer du

I informasjonsutdanninga får du mellom anna innføring i krisekommunikasjon, framførings- og presentasjonsteknikk, etikk, organisasjonsteori, språkbruk i formidling, organisering av prosjekt og ulike former for tekstproduksjon og informasjon, både på papir og nett.

Informatørar treng også kunnskap om korleis publikum tolkar, bruker og let seg påverke av massemedia, og korleis massemedia er organiserte og fungerer. Dette er sentrale tema i emnet medievitskap. Journalistikkurset gir deg innsikt i journalistisk tenkjemåte og arbeidsmetode. Dette er svært nyttig både når du sjølv skal formidle ein bodskap og når du skal vere kjelde for media.

Slik er studiet lagt opp

Informasjonsfag: 90 stp.
Medievitskap: 45 stp.
Journalistikk: 15 stp.
Valfrie fag: 30 stp.

Arbeidsformene er ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske praksisperiodar og innleveringsoppgåver. Emna i medievitskap vert gjennomførte saman med studentar frå dei andre medieutdanningane.


Utdanningsnivå:
Bachelorgradsstudium
Søknadskode:
Samordna opptak
Studiestart:
August 2009

Studiepoeng (ECTS):
180
Søknadsfrist:
15. april
Studielengd:
6 semester/3 år

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse.


Kontakt:

Torill Mortensen, 70 07 51 23, Torill.Mortensen@hivolda.no


 

 

Ressursar