Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Nynorsk skriftkultur

Engelsk studieprogramnamn

New Norwegian Written Culture

Studietype

Mastergradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

120

Studielengd

4 (på heiltid) eller 8 (deltid)

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad, cand.mag.-grad med fordjuping/mellomfagseksamen tilsvarande 90 studiepoeng i eitt av følgjande fag eller tilgrensande fagområde: etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, statsvitskap.

Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Innleiing

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk.

Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer deg for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Læringsutbytte

Studiet gir deg kunnskap om historia og situasjonen til den nynorske skriftkulturen. Du vil vere i stand til å plassere denne skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader i verda. Du vil vere stø i nynorsknorma, og kunne formidle ho vidare.

Fagleg oppbygging

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester, i veke 36, 40 og 44 i haustsemesteret, og i veke 6, 10 og 13 i vårsemesteret. Studiet er lagt opp med tanke på at studentane skal kunne konsentrere seg om masteroppgåva. Det kan dei gjere anten ved Ivar Aasen-instituttet, eller ved ein av dei institusjonane vi samarbeider med i utlandet. Det gir klare fordelar å ta eit semester ved ein av desse institusjonane, men det er ikkje obligatorisk. Det ev. studieopphaldet i utlandet vil normalt vere i 3. semester for heiltidsstudentar, etter behov for deltidsstudentar.

Innføringsemna (obligatoriske):
A: Nynorsk skriftkultur

B: Vitskapsteori og metode

Valemna:
Vi tilbyr fem valemne. Kvar student skal velje to valemne, kvart på 15 studiepoeng. Det vil bli undervist i emnet Nynorsk skriftmål – om norm og bruk annakvart år. Dei andre valemna vil veksle frå år til år, slik at vi underviser i to av dei om gongen:

· Målreisingar og språkplanlegging i komparativt perspektiv

· Den nynorske teksten – om sjanger, institusjon og norm

· Talemålsendring og skriftspråksstandardisering

· Nynorsk skriftmål – om norm og bruk

· Nynorsk filosofisk skriftkultur

Masteroppgåva:
Studentane står heilt fritt til å velje emne, men vi er innstilte på å formidle vidare ynskje om forsking frå andre institusjonar, t.d. i det offentlege eller i målrørsla, og vi er særleg glade for prosjekt som knyter seg opp til aktuelle forskingsprosjekt ved og omkring instituttet.

Vurdering:
Sekstimars skriftleg eksamen i dei to innføringsemna, emneoppgåve i valemna. Masteroppgåva vert vurdert med særskild karakter som kan justerast etter obligatorisk prøveførelesing og munnleg eksamen.

HEILTID

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
NYN301 Innføringsemne A: Nynorsk skriftkultur 15,00 O 15      
NYN302 Innføringsemne B: Vitskapsteori og
metode
15,00 O 15      
NYNMGOPPG Masteroppgåve 60,00 O   15 30 15
NYN303 Målreisingar og språkplanlegging i
komparativt perspektiv
15,00 V   15    
NYN308 Nynorsk filosofisk skriftkultur 15,00 V   15    
NYN307 Nynorsk skriftmål – om norm og bruk 15,00 V       15
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

DELTID

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
NYN301 Innføringsemne A: Nynorsk skriftkultur 15,00 O 15              
NYN302 Innføringsemne B: Vitskapsteori og
metode
15,00 O     15          
NYNMGOPPG Masteroppgåve 60,00 O       7,5 15 7,5 15 15
NYN303 Målreisingar og språkplanlegging i
komparativt perspektiv
15,00 V   15            
NYN308 Nynorsk filosofisk skriftkultur 15,00 V   15            
NYN307 Nynorsk skriftmål – om norm og bruk 15,00 V       15        
Sum: 15 15 15 15 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Stephen J. Walton, tlf. 70 07 52 17, e-post stephen.walton@hivolda.no

Studieprogramkode

NYNMG

Avdeling

Ivar Aasen-instituttet


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Bjørg Nesje Nybø – mastergradsstudent i nynorsk skriftkultur:

Etter å ha arbeidd som omsetjar og hatt språk som arbeidsreiskap i mange år, vekte mastergraden i nynorsk skriftkultur interessa mi først og fremst fordi eg her kunne lære meir om skriftkultur, men òg fordi eg kunne få høve til å ruste opp nynorsken min, som hadde lege brakk i mange år. Det tiltalte meg at språksituasjonen i Noreg ville bli samanlikna med språksituasjonen i andre land, og dermed lyfta opp på eit meir internasjonalt plan. Den tverrfaglege innfallsvinkelen gjorde at dette såg særs spennande ut, noko det også viste seg å vere.

Med eit finpussa nynorsk skriftspråk kunne eg no få omsetjingsarbeid til nynorsk, mellom anna i Utanriksdepartementet og som tekstar i NRK. Men det viktigaste var at eg med mastergraden kunne gå vidare til eit doktorgradsprosjekt i nynorsk skriftkultur. Som deltidsstudent med jobb ved sida av, var studiet lagt godt til rette, med undervisninga konsentrert om nokre få veker i semesteret. Studentar med ulik bakgrunn og stor spreiing i alder gav eit spennande og interessant studiemiljø. Med dyktige førelesarar henta inn frå heile landet var vi sikra eit høgt fagleg nivå.