Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiekatalogen 2010-2011

Animasjon


Animasjonsutdanninga i Volda starta opp i 1992 og har inntil nyleg vore den einaste i sitt slag i Noreg. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Studentar og fagfolk i animasjonsmiljøet i Volda er kjende langt utanfor landegrensene og haustar årleg prisar i internasjonale filmfestivalar. Mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Volda

Karrierevegar

Den norske animasjonsbransjen er liten når ein samanliknar med andre mediemiljø i Noreg, og bransjen rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Men bransjen er i sterk vekst. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag vanleg, og i tillegg treng digitale medium (CD-rom, internett, dataspel m.m.) animatørar. Bachelorgradsstudiet i animasjon kvalifiserer for opptak til relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.

Praksis

Studentane blir oppfordra til å arbeide delar av fjerde eller femte semester i eit profesjonelt animasjonsstudio.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Kina, Tyrkia, Kroatia og Frankrike.

Kort om programmet

Studiet i animasjon er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design- og produksjonsteori. Innhaldet i dei praktiske emna er mellom anna innføring i teiknefilm, tradisjonell cutout, stop-motion (dokkefilm), grafisk design, bruk av Adobe Flash, digital cutout/motion design ved hjelp av program som After Effects, og bruk av Photoshop og 3D-software som Maya.

Dette lærer du

Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm), og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning.

Slik er studiet lagt opp

Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium med få valfrie emne. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga knytt til dei, er obligatorisk. Teoriundervisninga foregår i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa skjer. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging i alle ledd i produksjonen. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap.


Utdanningsnivå:
Bachelorgrad
Søknadskode:
223 451 i Samordna opptak
Studiestart:
August 2009

Studiepoeng (ECTS):
180
Søknadsfrist:
15. april
Studielengd:
6 semester/3 år

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse.

I tillegg blir det kravd arbeidsprøver der søkjarane må dokumentere evne i mellom anna frihandsteikning. Høgskulen vil orientere søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité. Komiteen vil kalle inn aktuelle søkjarar til intervju i Volda, med supplerande oppgåver for godkjenning. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng. Det blir teke opp inntil 10 studentar kvart år.


Kontakt:

Andres Mänd, tlf. 70 07 50 72, andresma@hivolda.no


 

 

Håvard Strand – bachelorgrad i animasjon

Håvard Strand – bachelorgrad i animasjon

Å studere animasjon i Volda var det perfekte valget for meg. Jeg var ute etter en utdanning der jeg kunne teste ut forskjellige teknikker innen animasjon, og jo mer jeg leste om animasjonutdanningen i Volda, jo mer overbevist ble jeg. Etter endt utdanning har jeg lyst til å jobbe i Norge, men det prøver jeg å ikke tenke så mye på. Det viktigste nå er å utvikle seg så mye som mulig og ta i bruk de ressursene jeg har tilgjengelig her.

Ettersom vi bare er rundt ti elever i hver klasse, blir en raskt kjent med klassekameratene, og det utvikles et helt spesielt miljø når vi jobber så mye sammen. Uavhengig av hva slags tid på døgnet det er, kan man alltid finne noen som jobber i klasserommet, noe som er veldig koselig.

 

 

Sjå produksjonar frå animasjon

Sjå produksjonar frå animasjon her.