Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2006/2007

Studieprogramnamn
Språk, kommunikasjon og media

Studietype/nivå
Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)
180 stp

Studielengd
6

Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller tilsvarande

Læringsmål

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskap om korleis språk er oppbygde, korleis dei fungerer i ulike former for kommunikasjon mellom menneske, og korleis dei blir brukte i ulike medium. Ein kan leggje vekt på einskildspråk (norsk, engelsk), ein kan velje å studere språkfenomen generelt, eller språkleg samhandling og kommunikasjon. Studiet kan ha eit overordna kulturelt perspektiv (skriftkulturen i samfunnet) eller eit didaktisk perspektiv (språket i undervisningssamanheng).


Innhald

Språk, kommunikasjon og media er eit 3-årig studium med hovudvekt på språklege emne. Høgskulen i Volda tilbyd emne i nordisk, engelsk, tysk og mediaspråk. Språkstudiet kan rettast inn mot språkleg informasjon, språkleg kommunikasjon og språk i ulike medium. Bachelorstudiet kan òg innehalde emne frå litteratur, historie, mediefag, pedagogikk og samfunnsfag.

Studieprogrammet skal vere sett saman av 180 studiepoeng og er bygt opp slik:
1. Obligatorisk innføringsemne på 15 studiepoeng (Ex. fac. + oppgåveemne)
2. Språklege emne på til saman 90 studiepoeng. Minst 30 av desse skal vere på 200-nivå
3. Ei bacheloroppgåve på 200-nivå på 15 studiepoeng. Oppgåva kan inngå under punkt 2 eller kome i tillegg.
3. Minst 30 studiepoeng frå andre fag som er relevante for språkstudiet (støttemne).
4. Inntil 30 studiepoeng med fritt valde emne.

Ein kan ta inntil 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet.

Døme på eit tilrådd studieløp med spesialisering i norsk språk:
1. semester (haust)
Obligatorisk humanistisk innføringsemne (Ex. fac.)
NO101 Språket som struktur
2. semester
NO102 Språket som kultur
ENG114 Grammar + ENG112B Varieties of English
3. semester
NO201 Nynorsk skriftkultur
ENG111 Phonetics + ENG115B Translation

4. semester
NO205 Talespråk i endring
Fritt emne

5. semester
Australasiatisk kulturstudium

6. semester
NO211 Individuell oppgåve i norsk språk
Fritt emne

Døme på eit tilrådd studieløp med spesialisering i engelsk språk:
1. semester
HUM101 Humanistisk innføringsemne
NO101 Språket som struktur

2. semester
ENG114 Grammar + ENG112B Varieties of English
NO102 Språket som kultur

3. semester
ENG111 Phonetics + ENG115B Translation
ENG113CIV + ENG113LIT

4. semester
ENG116CIV + ENG116LIT
Fritt emne
5. semester
ENG201 Translation
Fritt emne

6. semester
ENG211 Language dissertation
Støtteemne

Døme på eit tilrådd studieløp med spesialisering i mediefag:
1. semester
HUM101 Humanistisk innføringsemne
NO101 Språket som struktur

2. semester
NO102 Språket som kultur
ENG114 Grammar + ENG112B Varieties of English

3. semester
MEV101 Medievitskap 1
IKT121 Innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi

4. semester
MEV102 Medievitskap 2
MID104 Tekst, språk og informasjonsdesign

5. semester
MEV201 Medievitskap 3
Fritt emne

6. semester
MID203 Bacheloroppgåve
Fritt emne

Studentar som ønskjer å avslutte før fullført bachelor, kan få studieemne godkjende som delar av årsstudium eller fordjupingsstudium i norsk eller engelsk.

Organisering/arbeidsmåtar
Det vert gitt undervisning gjennom nettleksjonar, førelesingar og seminar. Undervisningsforma varierer etter emne. Rettleiing av den einskilde studenten er integrert og skjer gjennom heile studiet. Sjå elles planar for dei einskilde emna.

Utanlandsopphald
Avdeling for humanistiske fag vil leggje til rette for utanlandsopphald på frå eitt til to semester ved institusjonar det er inngått avtale med. Engelsk institutt har avtale med Augsburg College (USA), The University of Newcastle og med The Norwegian Study Centre, York. Eit anna aktuelt tilbod er Australasiatisk kulturstudium i regi av Høgskulen i Volda (30 stp).

Overgangsordningar/innpassing
Det er høve til å integrere allereie påbegynte emne og emnegrupper i den grad dei fell inn under innhaldet i programmet slik det er skissert ovanfor.


Kva studiet kvalifiserer for

Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Språk, kommunikasjon og media kan, saman med praktisk-pedagogisk utdanning, gi undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk, engelsk og tysk, må ha eit minimum av litterære emne.

Studieprogrammet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språkkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse og forlag, og arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.

Bachelorgraden kan kvalifisere for opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, og for andre relevante mastergradsstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.


Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Studieprogramkode
SPRBV


Emnetabellar


Sist endra 10.01.2007 10:55 av Ragne Ørstavik Sørheim


Utskriftsvennleg versjon