Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2006/2007

Studieprogramnamn
Mediekunnskap

Studietype/nivå
Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)
60 stp

Studielengd
2

Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller tilsvarande.

Læringsmål

Målet med studiet er å gje kandidatane innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå, og at dei skal utvikle eit aktivt og medvite forhold til eigen og andre sin mediebruk. Kandidatane får ei yrkesretta utdanning for undervisningsrelaterte oppgåver knytt til mediearbeid i skuleverket.


Innhald

Studiet har eit didaktisk retta fagleg fokus. Gjennom studiet skal studentane få innsikt i formidlingsrelaterte fagfelt, både i teori og praksis. Studenten skal tileigne seg
- eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media og spelar i samfunnet og for kvart einskild individ
- grunnleggjande innsikt i korleis medie- og skuleorganisasjonane er bygde opp og fungerer
- innsikt i ulike medium si rolle i lærings- og sosialiseringsprosessar
- innsikt i korleis media fungerer som kulturformidlarar og kulturskaparar
- innsikt i korleis ein kan legge til rette for didaktisk arbeid i og utanfor skulen
- praktisk kunnskap i å lage eigne medie- og multimedieprodukt
- evne til didaktisk refleksjon over bruk av teknologi i planlegging og gjennomføring av undervisning og formidling.

Oversikt over studieåret:
Medievitskap I: Media og kommunikasjon (15 stp) - Haust
Tekst-lyd-bilete: Praktisk medieproduksjon (15 stp) - Haust og vår
Mediedidaktikk med prosjektoppgåve og praksis (15 stp) - Haust og vår
Medievitskap 2: Media og kommunikasjon (15stp) - Vår

Sjå den einskilde emneplan for meir informasjon.


Kva studiet kvalifiserer for

Studiet kvalifiserer for arbeid i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet gjev kandidatar didaktiske, teoretiske og tekniske kunnskapar innan mediefeltet, og praktisk innføring i medieproduksjon. Studiet gir teoretisk og praktisk kunnskap i formidling og informasjonsstrukturering gjennom prosjektarbeid og undervisnings- og bransjeretta praksis.


Praksis
Sjå emneplan for Mediedidaktikk.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Studieprogramkode
MEDÅV


Emnetabellar


Sist endra 10.01.2007 08:50 av Ragne Ørstavik Sørheim


Utskriftsvennleg versjon