Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2006/2007

Studieprogramnamn
Media, IKT og design

Studietype/nivå
Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)
180 stp

Studielengd
6

Opptakskrav
Basiskjennskap til elektronisk teksthandsaming og til rekneark.

Læringsmål

Målgruppe er studentar med interesse for både formidlingsmessige, tekniske og estetiske sider ved bruk av ulike medium og IKT.

Det primære formålet med studiet er å utdanne meklarar mellom teknikk og innhaldsproduksjon gjennom å gi kandidatar ei brei yrkesretta utdanning der ein kombinerer teoretiske, analytiske, tekniske og praktiske tilnærmingsmåtar knytt til medie-, IKT- og formidlingsarbeid i skuleverket, offentleg sektor og i næringslivet.

Studiet er særleg retta mot studentar som vil arbeide med medie- og IKT-relaterte oppgåver i grunn- og vidaregåande skule, men også studentar som ønskjer å kvalifisere seg til ulike oppgåver innan formgjeving, vevproduksjon og multimediearbeid.

 


Innhald

Gjennom studiet skal studentane få innsikt i formidlingsrelaterte fagfelt, både i teori og praksis.

Studenten skal tileigne seg:
- eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media og IKT spelar i samfunnet og for kvart einskild individ
- innsikt i korleis media og IKT fungerer som kulturformidlarar og kulturskaparar og i lærings- og sosialiseringsprosessar
- innsikt i korleis ein kan legge til rette for mediedidaktisk arbeid i og utanfor skulen
- praktisk kunnskap i å lage eigne medieprodukt
- evne til didaktisk refleksjon over bruk av teknologi i planlegging og gjennomføring av undervisning og formidling.

Studiet skal gi innsikt i eit designomgrepet knytt til ulike medium, og som omfattar ulike sider ved formgiving.
Dette omfattar:
- teknisk formgiving: programmering/komposisjon og informasjonsdesign
- visuell formgiving: estetikk og uttrykksdesign
- interaksjonsformgiving: formidling og funksjonelt design, men også formgiving av innhald kopla til informasjonsmål, målgruppe og medium.

Studiet skal i utgangspunktet femne om alle typar medium, men både i dei teoretiske og praktiske delane av studiet vil det bli lagt særleg vekt på nye elektroniske og nettbaserte medium. Fagfeltet er inne i ei rask utvikling og krev stadige oppdateringar av innhald i studiet.

Modell for tilrådd studieløp:

 

Haust

Vår

4

Evt. Praktisk-pedagogisk utdanning

15 stp valemne

 

3

Studieretningsfag/valemne ? 30 stp eller tilsvarande utlandsstudium

Studieretningsfag/ valemne
15 stp

MID210 Bacheloroppgåve

15 stp knytt til studieretning

 

2

MID116

Multimedieproduksjon 15 stp

IKT122

Ped. bruk av IKT

15 stp

Studieretningsfag/valemne ? 30 stp

 

1

MEV101

Medievitskap 1

15 stp

IKT121

Innføring i IKT

15 stp

MEK101

Mediedidaktikk

15stp

MID115

Praktisk medieproduksjon

15 stp

Ulike studieretningar

Etter 3. semester delast studiet inn i dei fylgjande spesialiseringane:

 

A. Medievitskapsløp

2. Vår: MEV102 Medievitskap 2 + eit av HI206/MEH201/MEH202 Mediehistorie

3. Haust: MEV201 Medievitskap 3 + 15 stp valemne ? eller tilsv. utlandsopphald

3. Vår: MID210 Bacheloroppgåve + 15 stp valemne

B. IKT-løp

2.Vår: IKT123 Nettverk og kommunikasjon + IKT124 Vevdesign og programmering + IKT125 Prosjektoppgåve

3.Haust: IKT201 Vevmeistring og systemdesign + 15 stp valemne eller tilsv. utlandsopphald

3.Vår: MID210 Bacheloroppgåve + 15 stp valemne

C. Mediedesignløp

2. Vår: MEV102 Medievitskap 2 + MD105 Editorial design + evt. 5 stp MD103/104 M.design

3. Haust: MD205 Strategisk design + evt. 5 stp MD103/104 Mediedesign + 5-15 stp valemne ? eller tilsv. utlandsopphald

3. Vår: MID107 Bransjepraksis/entreprenørskap/økonomi + MID210 Bacheloroppgåve

D. Skuleløp ? vidaregåande skule ? medier og kommunikasjon/mediekunnskap

2. Vår: MEV102 Medievitskap 2 + MD105 Editorial design/IKT123 Vevdesign og programmering + IKT125 Prosjektoppgåve

3. Haust: FME101/102 Foto i media/valemne + MEV201 Medievitskap 3/MD205 Strategisk design/IKT201 Vevmeistring og systemdesign ? eller tilsv. utlandsopphald

3. Vår: IKT123 Nettverk og kommunikasjon + MID210 Bacheloroppgåve

4. 45 stp Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) + 15 stp valemne

E. Skuleløp ? ungdomsskule/grunnskule ? digital kompetanse/mediekunnskap

2. Vår: IKT123 Nettverk og kommunikasjon + MEV102 Medievitskap 2

3. Haust: 200-emne + 15 stp skulefag/30 stp skulefag ? eller tilsv. utlandsopphald

3. Vår: MID210 Bacheloroppgåve + 15 stp skulefag/200-emne

4. 45 stp Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) + 15 stp skulefag

Obligatoriske emne

Dei første 3 semestra, samt bacheloroppgåva er obligatoriske emne for alle studentar, jfr. studiemodellen.

Obligatoriske arbeidskrav

Studiet inneheld emne som er knytt til ulike avdelingar ved høgskulen. Sjå dei einskilde fagomtalane av emna for organisering og arbeidsmåtar og krav til obligatorisk oppmøte, oppgåver eller praksis. Ved eventuelle endringar i emna gjeld avdelingane sine emneomtalar.

I tillegg til arbeidskrav knytt til dei enkelte emna i studiet, pliktar studenten å inngå ein utdanningsavtale med ein utdanningsplan der spesialisering spesifiserast og godkjennast i samråd med rettleiar. Utdanningsplanen kan etter nærare reglar reforhandlast kvart semester.

Valbare og valfrie emne

Valemne tyder at studenten kan velje mellom ulike emne ved HVO eller andre institusjonar som passar studieretninga studenten har valt, i samråd med utdanningsrettleiar.

Internasjonalisering og utlandsopphald:

Det er høve til eit semesters utlandsopphald.


Kva studiet kvalifiserer for

Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping innan media og IKT med vekt på formidling og design. Studiet gir kandidatar didaktiske, teoretiske og praktiske kunnskapar innan mediefeltet, med studieretningar i IKT, mediefag, undervisningsfag og i mediedesign. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap i formidling og informasjonsstrukturering gjennom prosjektarbeid og undervisnings- og bransjeretta praksis.

Kandidatane blir kvalifisert for ei lang rekkje oppgåver innan undervisning, formidling og brukarstøtte i skuleverket, og i det offentlege og private næringsliv, avhengig av studieretning. Utdanninga kan, ut frå studieretning, kvalifisere for opptak til mastergrad innan disiplinfag. Eitt års påbygging på eit skuleretta løp kvalifiserer til tilsetjing i skuleverket. Studiet gir utan spesialisering i mediedesign ingen formell kompetanse i grafisk design og formgiving, men vil styrke realkompetansen på dette fagfeltet.

 


Praksis
I studiet inngår både observasjonspraksis, undervisningspraksis og bransjeretta praksis. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Eventuelt anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Innpassing av tidlegare utdanning

Det er høve til å søkje om fritak frå einskildmodular på grunnlag av tilsvarande eksamenar tekne ved andre høgare utdanningsinstitusjonar. Studentar som har tatt mediekunnskap, medievitskap, IKT for lærarar/i læring, pedagogisk informasjonsvitskap eller tilsvarande vil kunne få delar av denne utdanninga innpassa i studiet.

Avsluttande vurdering av studiet

Karakteren i dei fleste emna blir fastsett ut frå vurdering undervegs. Sjå vurderingsform under kvart emne. Arbeid i emna inngår i ei samla studieportefølje som studenten sjølv set saman etter nærare reglar. Porteføljen er grunnlag for å gje endeleg vurdering av studiet.

Avslutting undervegs i studiet

Studentane kan, gjennom emnekombinasjonar dei første 2 studieåra, få dokumentasjon på fullført mediekunnskap årsstudium og IKT i læring årsstudium.

Pensumlitteratur:

Pensumliste for kvart emne følgjer som vedlegg til studieplanen der dette er klart. Endringar vil bli opplyst ved studiestart i dei enkelte emna.


Evaluering og kvalitetssikring

Ein vil sikre eit godt læringsmiljø og studiekvalitet både gjennom kartlegging, god kommunikasjon og oppfølging av studentane som gruppe og individ.
Studiet har jamlege årskullsmøter. Kvar student får også ved studiestart tildelt ein utdanningsrettleiar etter nærare retningsliner.

Studiet har fagutval for studiekvalitet med min. 2 studieplanfesta møter i semesteret. I utvalet sit studiekoordinator, evt. representantar frå faggruppa og studentrepresentantar frå kvart kull med vararepresentantar. Fagutvalet skal arbeide for å sikre eit godt læringsmiljø i studiet og sikre best mogleg kvalitet på undervisning og praksistilbod. Emna som går inn i studiet evaluerast kvart semester, studiet evaluerast kvart år ved avslutta studieår.


Studieprogramkode
MIDBV


Emnetabellar


Sist endra 09.01.2007 13:30 av Ragne Ørstavik Sørheim


Utskriftsvennleg versjon