Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2006/2007

Studieprogramnamn
Fjernsynsreportasje og dokumentar (mastergradsnivå)

Studietype/nivå
Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)
60 stp

Studielengd
2

Opptakskrav
Bachelorgrad i journalistikk eller tilsvarande.

Læringsmål

Målet med studiet er gjennom praktisk produksjon og teoretisk undervisning å kvalifisere studentane for programproduksjon innan fjernsynsreportasje og dokumentar. Opplæringa går føre seg på profesjonelt videoutstyr.


Innhald

Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane:
- får kunnskap om arbeidsmåtar og historie innan dokumentar og reportasje
- blir kjende med ulike teoretiske syn på film/fjernsyn
- får høve til å lage produksjonar med rettleiing og evaluering
- får arbeide med ei teoretisk oppgåve knytt til dokumentar og reportasje.

Teoriundervisninga går føre seg i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonane utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er her i hovudsak det praktiske læringa går føre seg. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom ikkje studentane kan dokumentere tilsvarande kunnskap.

For å få dei enkelte emna godkjende, må alle praktiske og teoretiske oppgåver vere leverte innan fristane som vert sette opp av faglærar. Praktiske øvingar skal leverast i to eksemplar på eigna format. Alle teoretiske oppgåver skal ha raudt omslag og leverast i to eksemplar.

Arbeidsformer:
Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper. Dei vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene stiller store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analysar av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.


Kva studiet kvalifiserer for

Arbeid med faktabasert programproduksjon.


Praksis
Studentane kan ha ekstern praksis i vårsemesteret.

Eventuelt anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Rettar til produksjonane
Studentproduksjonar som er laga i dette studiet skal alltid krediterast med fult namn til skulen: Høgskulen i Volda og produksjonsår . Studentane har dei kommersielle rettane til eksamensfilmen sin. Dei kommersielle rettane til produksjonar som er laga i produksjonsemne 1 (DOK301) vert delt likt mellom høgskulen og studenten. Høgskulen kan nytte studentproduksjonar til å promotere studiet på festivalar og på høgskulen sine heimesider, utan å avklare dette med studenten på førehand. Elles viser vi til åndsverkslova når det gjeld rettar til fjernsynsreportasjar og dokumentarar.


Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.


Studieprogramkode
DOKVID


Emnetabellar


Sist endra 11.01.2007 21:36 av Ragne Ørstavik Sørheim


Utskriftsvennleg versjon