Studieprogramnamn
MediekunnskapEngelsk studieprogramnamn
Media science (one year course)Studietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 studiepoengStudielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet gjev kandidaten teoretiske og teknisk kunnskap innan mediefeltet, og praktisk innføring i medieproduksjon. Studiet gir ut frå emneval teoretisk og praktisk kunnskap i formidling gjennom undervisnings- og bransjeretta praksis. Studiet kvalifiserer med emnevalet Mediekompetanse i praksis for arbeid i skuleverket.
Gjennom studiet skal studentane få innsikt i formidlingsrelaterte fagfelt, både i teori og praksis. Studenten skal tileigne seg eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media spelar i samfunnet og for kvart einskild individ. Første semester kombinerer ein teoretiske innføringsstudium i medievitskap med innføring i praktisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). I andre semester kombinerer ein praktisk medieproduksjon med anten vidare teoretiske studium i medievitskap eller praktisk-didaktisk arbeid med faget Media, barn og unge.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om korleis medium og informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan vere kulturelle, sosiale og politiske ressursar for barn og unge.
- har ei reflektert forståing av kva barn og unge si mediekompetanse har å å seie i formelle og uformelle læringsprosessar.
- har ei reflektert teoretisk forståing av den tydinga media har i barn og unge sitt liv i eit samfunn i endring.
Ferdigheiter
Kandidaten
- har erfaring med medieproduksjon og er i stand til å skape, presentere og formidle i ulike kombinasjonar av tekst-, lyd- og bildemedier ved hjelp av ny, relevant teknologi.
- skal kunne gjere reflekterte og medvitne val i utforminga av ulike medieprodukt med forståing av det spesifikke ved det valde mediet, den valde publiseringsforma og mottakarkonteksten.
- skal kunne analysere og vurdere ulike medietekstar ut frå ei forståing av det som er spesielt for det enkelte medieuttrykket med omsyn til form, innhald og funksjon, og for samspelet med andre medietekstar.
- skal kunne vurdere media sine roller og funksjonar i historisk, politisk, økonomisk, etisk og kulturelt perspektiv.- har forståing for medievitskapens estetiske, pedagogiske, filologiske og sosiologiske teoriar og metodar.
- kunne evaluere eigne og andre sine medieprodukt og rettleie barn og unge i produksjon av ulike medietekstar.
- har erfaring med og praktiske ferdigheiter i å kunne integrere og leggje til rette for pedagogisk arbeid med og om medium, informasjons- og kommunikasjonsteknologi for ulike grupper og i ulike fag.
Generell kompetanse
Kandidaten
-har innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå
-har utvikla eit aktivt og medvite forhold til eigen og andre sin mediebruk
-har utvikla både analytisk og teoretisk kompetanse, kommunikatativ og kreativ kompetanse og evt. fagdidaktisk kompetanse knytt til mediearbeid i skuleverket
Fagleg oppbygging
Oversikt over studieåret finn du i emnetabellen under. Studiet er likt 1.året i Bachelorstudiet Media, IKT og design (MID). Dei som fullførar Mediekunnskap har høve til å søke seg inn på 2.året på MID innan dei frister som gjeld.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| MEV111 | Medievitskap 1 | 15,00 | O | 15 | |
| MID121 | Innføring i medieproduksjon | 15,00 | O | 15 | |
| MID115 | Praktisk medieproduksjon | 15,00 | O | 15 | |
| MEK111MID | Mediekompetanse og didaktikk | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Praksis
Sjå emneplan for MEK111MID Mediekompetanse i praksis.Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Svein Arnesen, sa@hivolda.no, 70075085Studieprogramkode
MEDÅVAvdeling
Avdeling for kulturfag (AKF)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

