Digital kompetanse i læring
- Studiepoeng/lengd: 60 / 2 semester / 1 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
15. april
- Søknadskode: 223 620 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Om programmet
Årsstudiet er retta mot lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen, og studentar i lærarutdanninga. Det primære føremålet med studiet er å setje lærarane og skulen i stand til å nå kompetansemåla i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet gir deg kompetanse for tilrettelegging for digitale arbeidsmåtar og bruk av IKT-verktøy i skulekvardagen.
Du lærer digital behandling av tekst, tal, lyd og bilete, og du lærer å identifisere situasjonar der bruk av digitale verktøy vil gi meirverdi i eige arbeid og i læringsarbeid. Studiet set bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar inn i eit skuleutviklingsperspektiv. Det vert lagt stor vekt på at arbeidet du gjer som student skal vere konkret og direkte relevant i eigen praksis.
Oppbygging og gjennomføring
Du vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar verte utfordra til å setje ord på korleis og i kva grad teknologi kan gi nye rammevilkår for læring, samstundes som du får høve til å ta regien i spennande og målretta medieproduksjonar, som nettavis, nettradio og video.
Studiet vert fleksibelt organisert med undervisningssamlingar og nettstøtte.
I studieplanen finn du detaljert informasjon om organisering, gjennomføring og eksamen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studieprogrammet gir deg framtidsretta digital kompetanse, som er etterspurd i skuleverket og i andre yrkessamanhengar der ein driv med formidling og kommunikasjon. Årsstudiet kan også inngå i valfri del av ulike bachelorgradar.
Sjå også: Studieplan for Digital kompetanse i læring (årsstudium)
Utskriftsvennleg versjon
