Kunst og handverk
- Studiepoeng/lengd: 60 / 2 semester / 1 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
15. april
- Søknadskode: 223 630 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Fagansvarleg Britt Loven Ølnes
Om programmet
Samfunn i utvikling treng menneske med estetisk kompetanse og evne til nyskaping. Kunnskap om kunst- og formkultur og formidling er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre. Som student ved Kunst og handverk årsstudium skal du gjennom praktisk arbeid med oppgåver utvikle eiga form- og uttrykksevne. Du skal tileigne deg fagleg og didaktisk kompetanse for å planleggje og gjennomføre ulike former for undervisnings- og formidlingsoppgåver i skulesektoren, eller for å arbeide på område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Gjennom året skal du utforme utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt.
Oppbygging og gjennomføring
Kunst og handverk årsstudium er organisert i fire emne:
- Visuell kommunikasjon, 15 stp.
- Kunst, 15 stp.
- Arkitektur, 15 stp.
- Funksjonell design, 15 stp.
Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid i materiala. Vi legg særleg vekt på ein kreativ og reflekterande arbeidsmåte og bruker arbeidsbok som metode i dei fleste emna. Dette er eit hjelpemiddel med det føremål å gi studenten eit tydelegare bilete av si eiga utvikling. Metoden byggjer på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og ut frå det formulerer nye mål innanfor det aktuelle feltet. Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar, og i tillegg fagdidaktisk og teoretisk refleksjon knytt til eige skapande arbeid. Utstillingar vert brukte aktivt som ledd i å styrkje den kulturelle referanseramma som er ein del av studiet. Ekskursjon til ein sentral kunstinstitusjon inngår i studiet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i kunst og handverk, og gir grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.
Årsstudiet kan saman med anna utdanning vere nyttig i ulike former for formidlingsarbeid, til dømes i skulen, museum/galleri og kulturarbeid.
Utskriftsvennleg versjon
