Studieprogramnamn
MusikkEngelsk studieprogramnamn
MusicStudietype
FordjupingsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60Studielengd
2Opptakskrav
Fullført musikk årsstudium (60 studiepoeng) fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar.Innleiing
Fordjupingsstudium i musikk inneheld fire frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med fylgjande hovudområde: arrangering, instrumentaldidaktikk, musikkhistorie, utøving og formidling.
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Gjennomført PPU gjev undervisningskompetanse for grunnskule og vidaregåande skule. Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.
Dersom studenten vil nytte fordjupingsstudiet til å få ein fri bachelorgrad i musikk, må MUS205 inngå som eitt av dei fire emna.
Læringsutbytte
Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Fagleg oppbygging
Studenten kan velje frå følgjande emne:
MUS201 Instrumentaldidaktikk, 15 stp. (haust)
MUS212 Arrangering, 15 stp. (haust)
MUS204 Utøving og formidling, 15 stp. (vår)
MUS207 Musikkhistorie, 15 stp. (vår)
MUS205 Bacheloroppgåve, 15 stp. (vår)
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| MUS212 | Arrangering | 15,00 | V | 15 | |
| MUS201 | Instrumentaldidaktikk | 15,00 | V | 15 | |
| MUS204 | Utøving og formidling | 15,00 | V | 15 | |
| MUS205 | Bacheloroppgåve i musikk | 15,00 | V | 15 | |
| MUS207 | Musikkhistorie | 15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Praksis
Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Elizabeth Oltedal, 70 07 52 85, Elizabeth.oltedal@hivolda.noStudieprogramkode
MUSFOAvdeling
Avdeling for kulturfag (AKF)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

