Studieprogramnamn
Grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årsstegEngelsk studieprogramnamn
Teacher Qualification for 5.-10. gradeStudietype
YrkesutdanningStudiepoeng (ETCS)
240Studielengd
8Opptakskrav
Generell studiekompetanse og minst karakteren 3 i matematikk (224 timar) og norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) og minst 35 skulepoeng.Innleiing
Høgskulen i Volda skal utdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal legge til rette for gode læringsmiljø for elevar på 5.–10. årssteg. Utdanninga er ei 4-årig profesjonsutdanning og krev aktiv deltaking frå studentane.
Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studiemodellen som er valt ved Høgskulen i Volda gir høve til breidde og fordjuping i fag. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar, og vi skal sikre at studenten har eit godt fundament for arbeidet som lærar i faga. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggande ferdigheiter, kreative uttrykksmåtar, digital kompetanse og den internasjonale dimensjonen.
I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag og det vil vere eit nært samarbeid mellom faget pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksislærarane. Det er praksis i alle dei fire åra, med oppstart allereie tidleg fyrste året. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.
Utdanninga skal setje læraryrket inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng og bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Slik tek vi hand om danningsaspektet ved utdanninga.
Læringsutbytte
Gjennom dei fire åra i lærarutdanninga skal du ha tileigna deg dette læringsutbyttet:
Kandidaten
- har solide faglege og fagdidaktiske kunnskapar i faga som inngår i utdanninga og kunnskap om faga som skulefag og som forskingsfag
- har kunnskap om arbeid med vidareutvikling av elevene sine grunnleggjande ferdigheiter i å uttrykke seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg, rekne og bruke digitale verktøy i og på tvers av fag
- kan leggje til rette for progresjon i dei grunnleggjande ferdigheitene i opplæringa tilpassa elevar på 5.-10. trinn
- har kunnskap om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgong frå barnesteg til ungdomssteg og ungdomssteg til vidaregåande opplæring.
KUNNSKAP
Kandidaten
- har kunnskap om eigenarten til skulen og lærarprofesjonen, historie, utvikling og plass i samfunnet og om skulens formål, verdigrunnlag, lovgrunnlag, gjeldande læreplanar og rettigheitene til ulike elevar
- har kunnskap om læreplanarbeid og om skulen som organisasjon
- har kunnskap om læringa til barn og unge, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar
- har kunnskap om klasseleiing og klassemiljø, og om utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar
- har kunnskap om et breitt repertoar av arbeidsmåtar og læringsressursar, og om samanhengen mellom innhald, arbeidsmåtar og føresetnadene til elevane
- har kunnskap om oppvekstmiljøet til barn og unge, likestilling og identitetsarbeid
- har kunnskap om barn i vanskelege situasjonar, og om rettane til barn og unge i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning sjølvstendig og i samarbeid med andre, i og på tvers av fag, med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- kan leggje til rette for og leie gode og skapande læringsmiljø
- kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning
- kan tilpasse opplæringa til behova til ulike elevar, motivere til lærelyst gjennom å tydeleggjere læringsmål og bruke varierte arbeidsmåtar for at elevane skal nå måla
- kan vurdere og dokumentere læringa til elevane, og utvikling i forhold til opplæringa sitt mål, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan vurdere eiga læring
- kan reflektere kritisk over eigen – og skulens – praksis i arbeid med vidareutvikling av lærarrolla og profesjonsetiske spørsmål
- meistrar norsk munnleg, norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan vurdere og bruke relevante forskingsresultat, og sjølv gjennomføre systematisk utviklingsarbeid
- kan, i samarbeid med føreresette og faglege instansar, identifisere spesielle behov hos elevane og setje i verk nødvendige tiltak
- kan leggje til rette for utvikling av kompetanse i entreprenørskap, og for at lokalt arbeids- og samfunnsliv vert involvert i opplæringa.
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan bidra til eit profesjonelt lærarfelleskap med tanke på vidareutvikling av god praksis og yrkesetisk plattform
- kan stimulere til demokratiforståing, demokratisk deltaking og evne til kritisk refleksjon tilpassa aktuelle klassesteg
- kan bidra til å styrkje internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar ved arbeidet i skulen
- kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov i tilknyting til læraryrket
- har en endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas skule.
Fagleg oppbygging
|
Grunnskulelærar 5.-10. |
|||||
|
4. år |
Vår |
Undervisningsfag 60st.p. eller to fag 30 st.p. (30 st.p. kan vere "skulerelevant" fag) |
|||
|
Haust |
|||||
|
3. år |
Vår |
Pedagogikk og elevkunnskap |
Fag 2 60 st.p. |
||
|
Haust |
|||||
|
2. år |
Vår |
Fag 1 60 st.p. |
|||
|
Haust |
|||||
|
1. år |
Vår |
||||
|
Haust |
|||||
FELLES FOR ALLE KULL:
- Faget pedagogikk og elevkunnskap er totalt på 60 studiepoeng, og går over dei tre fyrste åra, med 15 studiepoeng både første og andre året, og 30 studiepoeng tredje året. Tredje året er 15 av dei 30 studiepoenga knytt til bacheloroppgåva.
- Utdanninga skal normalt omfatte tre undervisningsfag i skulen, kvart på 60 studiepoeng.
- Fjerde året kan ein velje eitt skulefag på 60 stp eller to fag på 30 stp. Vel ein to fag på 30 stp, kan eitt av dei vere i eit skulerelevant (til dømes drama, DKL – digital kompetanse i læring, spes.ped, friluftsliv eller skuleleiing). Ved overgang til masterutdanning etter tredje studieår vil det første året i masterutdanninga erstatte fag i det fjerde studieåret.
- Høgskulen i Volda samarbeider med dei andre høgskulane på Vestlandet (UH-nett Vest) slik at alle skulefag skal kunne takast på ein av institusjonane.
KULL 2011 (første studieår 2011/12)
- I dei tre fyrste åra kan studenten velje eitt av faga matematikk eller norsk, som kan kombinerast med eitt av faga engelsk eller samfunnsfag. Samfunnsfag/engelsk vert fullført med 60 studiepoeng etter dei to fyrste åra, norsk/matematikk vil gå over tre år.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | S7(H) | S8(V) | ||||
| GL5-10PEL1 | Pedagogikk og elevkunnskap 1 5-10 | 15,00 | O | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10PRA1 | Tilrettelegging for læring i praksis | 0,00 | O | ||||||||
| GL5-10PEL2 | Pedagogikk og elevkunnskap 2 5-10 | 15,00 | O | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10PRA2 | Eleven si læring og utvikling i praksis | 0,00 | O | ||||||||
| GL5-10MAT1A | Matematikk 1A 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10MAT1B | Matematikk 1B 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10NOR1A | Norsk 1A 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10NOR1B | Norsk 1B 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10ENG1 | Engelsk 1 5-10 | 30,00 | V | 15 | 15 | ||||||
| GL5-10ENG2 | Engelsk 2 5-10 | 30,00 | V | 15 | 15 | ||||||
| GL5-10SAM1A2 | Samfunnsfag 1A 5-10 | 15,00 | V | 15 | |||||||
| GL5-10SAM1B2 | Samfunnsfag 1B 5-10 | 15,00 | V | 15 | |||||||
| Sum: | 30 | 30 | 30 | 30 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
KULL 2010 (andre studieår 2011/12)
- I dei tre fyrste åra kan studenten velje eitt av faga matematikk eller engelsk, som kan kombinerast med eitt av faga norsk eller samfunnsfag. Matematikk og engelsk vert fullført med 60 studiepoeng etter dei to fyrste åra, norsk og samfunnsfag vil gå over tre år.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | S7(H) | S8(V) | ||||
| GL5-10PEL2 | Pedagogikk og elevkunnskap 2 5-10 | 15,00 | O | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10PRA2 | Eleven si læring og utvikling i praksis | 0,00 | O | ||||||||
| GL5-10ENG2 | Engelsk 2 5-10 | 30,00 | V | 15 | 15 | ||||||
| GL5-10MAT2 | Matematikk 2 5-10 | 30,00 | V | 15 | 15 | ||||||
| GL5-10NOR1B | Norsk 1B 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| GL5-10SAM1B | Samfunnsfag 1B 5-10 | 15,00 | V | 7,5 | 7,5 | ||||||
| Sum: | 0 | 0 | 30 | 30 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
Praksis
I løpet av dei fire studieåra skal studenten ha gjennomført 100 dagar praksis. Praksis er fordelt med 30 dagar første året, 30 dagar andre året, 25 dagar tredje året og 15 dagar fjerde året. Gjennom dei fire studieåra skal studenten ha praksis på ulike klassesteg utdanninga kvalifiserer for. Studenten må stå i praksis kvart år for å gå vidare. Sjå utfyllande informasjon i emneplan for praksis.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen
Undervisninga i studiet er obligatorisk.
For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet under vere fullført, før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7.
Studenten må stå i praksis kvart studieår for å halde fram neste studieår. Sjå meir om dette i emneplan for praksis.
Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av UFD (Utdannings- og forskningsdepartementet) 07.10.2005.
Evaluering og kvalitetssikring
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Odd Helge Tonheim tlf. 70075368 E-post: oddht@hivolda.noStudieprogramkode
GL5-10Avdeling
AHL<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

