Matkultur og helse
- Studiepoeng/lengd: 60 / 2 semester /1 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
15. april
- Søknadskode: 223 446 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Om programmet
Er du interessert i matkultur og helse? Som student ved årsstudiet vil du lære å arbeide med kost og ernæring i praksis og i tema- og prosjektarbeid. Framtidas samfunn, og ikkje minst grunnskulen og barnehagen, har stor nytte av auka kompetanse om samanhengen mellom mat, kultur og helse.
Praktisk arbeid med mat er ein viktig del av studiet, men den teoretiske delen av studiet er også viktig som grunnlag for det praktiske arbeidet. Gjennom studiet Matkultur og helse skal studentane få kunnskap, ferdigheiter og haldningar knytt til mat og måltid i eit ernæringsperspektiv, men også i eit kulturelt og historisk perspektiv. Helseaspektet knytte til mat er viktig, og ein vil her få lære korleis ein kan førebyggje sjukdomar med kosten. Faget har både eit naturfagleg og samfunnsfagleg perspektiv, og i dette spenningsfeltet ligg det helsefremjande aspektet.
Oppbygging og gjennomføring
Matkultur og helse er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng, to emne i haustsemesteret og to i vårsemesteret. Det er undervisning måndagar og tysdagar. I tillegg er det fem samlingar kvart semester (fredag ettermiddag/kveld og heile laurdag; eventuelt onsdag eller torsdag i staden for laurdag om det melder seg nok studentar til to grupper). Det vert gitt undervisning i både teoretiske og praktiske tema i tillegg til individuell rettleiing knytt til obligatoriske oppgåver. Mykje av det praktiske arbeidet går føre seg i grupper.
Utskriftsvennleg versjon
