Studieprogramnamn
Norsk 2 Språk og litteratur – nettstudiumEngelsk studieprogramnamn
xxStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30Studielengd
2Opptakskrav
Norsk 1 i lærarutdanninga (30 stp.)Innleiing
Norsk 2 Språk og litteratur er eit tilbod for studentar som har teke Norsk 1 i lærarutdanninga, og som ønskjer vidareutdanning i norsk. Tilbodet er sett saman av to emne frå årsstudiet i norsk. Norsk 2 Språk og litteratur gir 30 studiepoeng i tillegg til 30 studiepoeng frå Norsk 1 i lærarutdanninga.
Studiet gir undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet kvalifiserer også for opptak på fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og/eller litteratur ved HVO.
Læringsutbytte
Etter fullført Norsk 2 skal studenten
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid
- vere fortruleg med hovudprinsipp for tekst- og sjangeranalyse
- kunne gjere greie for språk i sosial, kulturell og historisk kontekst
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Fagleg oppbygging
I haustsemesteret ligg vekta på grunnleggande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i praktisk tekstanalyse. Språkdelen i vårsemesteret har eit kulturperspektiv. Her blir det arbeidd med språket i lys av historiske og sosiale forhold.
Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng: NO103N-AVG Tekst og struktur og NO102N-AVG Språket som kultur . Kvart emne har tre tyngdepunkt (TP):
NO103N-AVG Tekst og struktur
TP 1: Lyrikk
TP 2: Epikk
TP 3: Dramatikk
NO102N-AVG: Språket som kultur
TP 1: Talemål og sosiolingvistikk
TP 2: Skriftkultur og språkhistorie
TP 3: Personnamn og innbyggjarnamn
Norsk 2 Språk og litteratur er nettbasert. Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Oppstart haust
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Oppstart vår
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Praksis
Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Den eine eksamensoppgåva skal skrivast på bokmål, den andre på nynorsk.
Studiet blir også tilbydd samlingsbasert utan avgift.
Evaluering og kvalitetssikring
Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Kari Garshol Welle, kw@hivolda.no, 70 07 53 08Studieprogramkode
NOR2V-NAvdeling
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

