Studieprogramnamn
Norsk fordjupingsstudium - nettstudiumEngelsk studieprogramnamn
xxStudietype
FordjupingsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30Studielengd
1 eller 2 semesterOpptakskrav
60 stp norsk. Årsstudium i norsk (nordisk) eller Norsk 2 Språk og litteratur.Innleiing
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan inngå i ei lærarutdanning eller utgjere fordjupingskomponenten i ei bachelorgrad. Det kan også nyttast som grunnlag for eit masterstudium ved universitet og høgskular. Med ein særeigen kulturprofil er studiet eit godt grunnlag for masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Studiet gir undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule, eller i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Dei som tek faglærarutdanning må i tillegg ta praktisk-pedagogisk utdanning.
Læringsutbytte
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten
- ha solide kunnskapar innafor eit avgrensa språkleg og litterært felt
- kunne formulere relevante problemstillingar med grunnlag i spesifikke trekk ved studieobjekt og relevant teori
- ha utvikla gode språklege og litterære analyseferdigheiter i samsvar med metodiske krav
- kunne utforme analyseresultata sjølvstendig og reflekterande i ein tekst som tilfredsstiller krava til ei vitskapleg framstilling
Fagleg oppbygging
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman av eit språkleg og eit litterært emne, to språkleg emne, to litterære emne, eller eit emne i enten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret. Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Den individuelle oppgåva svarar til ei bacheloroppgåve. Den kan også takast i tillegg til dei andre variantane. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne per semester.
Studenten må ha fullført undervisningsemnet før han/ho kan få opptak på oppgåveemnet.
Ein kan velje mellom følgjande undervisningsemne:
NO201
Nynorsk skriftkultur
(Haust)
Emnet tek føre seg framveksten av skriftspråket som grunnlag for ein skriftkultur i Noreg. Studiet gir dessutan ei brei innføring i norsk målreisingssoge og nynorsk som bruksmål, med vekt på skulemål, kyrkjemål, administrasjonsmål og nynorsk i media.
NO205
Talemål i endring
(Vår)
Emnet gir ei fordjuping i talemålsutviklinga i Noreg i dag. Spørsmålet om kva som kan forklare endringane, står sentralt.
NO203
Livshistorier
(Haust)
Emnet set søkjelyset på eit utval biografiar og biografiske romanar frå seinare tid. Med utgangspunkt i desse tekstane og med støtte i moderne litteraturteori tek ein opp til drøfting forholdet mellom forteljing, røyndom og identitet.
NO204
Litteratur og sjukdom
(Vår)
I dette emnet arbeider ein med sjukdom som motiv i eldre og nyare litteratur. Ulike former for sjukdom kan bli forstått som eit individs motstand og opprør mot kulturelle og samfunnsmessige forhold, eller vere uttrykk for kreativitet og/eller problematisering av normalitetsomgrepet.
Oppgåveemne :
NO211 Oppgåveemne i språk (Haust og vår)
NO213 Oppgåveemne i litteratur (Haust og vår)
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO201 | Nynorsk skriftkultur | 15,00 | V | 15 | |
| NO203 | Livshistorier: biografi og roman | 15,00 | V | 15 | |
| NO211 |
Bacheloroppgåve / individuell oppgåve i norsk (nordisk) språk |
15,00 | V | 15 | 15 |
| NO213 |
Bacheloroppgåve/individuell oppgåve i norsk (nordisk) litteratur |
15,00 | V | 15 | 15 |
| NO204 |
Litteratur og sjukdom |
15,00 | V | 15 | |
| NO205 | Talemål i endring | 15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Praksis
Det er ikkje knytt praksis til emna.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Ein rår til at studentar som vurderer å søkje, har C eller betre i gjennomsnittskarakter frå årsstudiet i den disiplinen dei vel å fordjupe seg i.
Studenten vel sjølv målform på oppgåvene.
Evaluering og kvalitetssikring
Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Kari Garshol Welle, kw@hivolda.no, 70 07 53 08Studieprogramkode
NORFVAvdeling
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

