Studieprogramnamn
Nynorsk i opplæringa 30 stp - nettstudiumEngelsk studieprogramnamn
New Norwegian in educationStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 studiepoengStudielengd
2 semesterOpptakskrav
30 stp norsk. Norsk 1 i lærar- eller førskuleutdanningInnleiing
Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er på 30 studiepoeng og kan inngå som del av allmennlærar- og førskulelærarutdanninga, og som del av eit bachelorstudium. Studiet kan inngå som ledd i allmennlærarutdanning, men føreset då at rammeplanen sitt krav til praksis vert oppfylt. Studiet høver også for andre som ønskjer ein betre nynorskkompetanse.
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnskulen. Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnutdanninga i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet, der nynorsk og bokmål er jamstilte språk som alle elevar i Noreg skal beherske like godt.
Læringsutbytte
Kunnskap
Ved fullføring av dette studieprogrammet skal studenten ha kunnskap om
- den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk og litteratur spesielt
- dei historiske føresetnader for språksituasjonen i Noreg
- rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i språkopplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Generell kompetanse
Studenten skal
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- nyttiggjere seg IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Fagleg oppbygging
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar:
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO121 | Nynorsk i opplæringa 1 | 15,00 | O | 15 | |
| NO122 | Nynorsk i opplæringa 2 | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Studiet skal formidlast gjennom lesing av nettleksjonar, lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Marit Wadsten, tlf. 70075044, marit.wadsten@hivolda.noStudieprogramkode
NYNOPPLAvdeling
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

