Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen

Engelsk studieprogramnamn

-

Studietype

Vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

30,00

Studielengd

3 semester

Opptakskrav

Førskulelærar. Studenten må vere i jobb i barnehage under studiet.

Innleiing

Studiet er ei vidareutdanning for førskulelærarar som skal gi studenten auka kunnskap om å drive pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen og utvikle barnehagen som lærande organisasjon. Studiet er ein del av regjeringas strategi for kompetanseutvikling i barnehagen 2007-2010, og Strategi for rekruttering av førskulelærarar til barnehagen 2007-2011. Dei understrekar at pedagogisk leiing og kunnskap om planlegging, dokumentasjon og vurdering er viktig for å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon.

Læringsutbytte

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:

  • kva ein lærande organisasjon er, og leiarens rolle i utvikling av ein lærande organisasjon
  • barnehagen sitt samfunnsmandat og kvalitetsarbeid i barnehagen
  • pedagogisk utviklingsarbeid og prosjekt som metode

Studenten skal ha ferdigheiter til å kunne:

  • leie, planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage
  • operasjonalisere Rammeplan for innhald i og oppgåvene til barnehagen gjennom prosjektarbeid med barn
  • leggje til rette for barns medverknad og tydeliggjere dette gjennom bruk av pedagogisk dokumentasjon
  • leggje til rette for eit språkstimulerande miljø gjennom fokus på språk og språkutvikling, mangfaldsperspektivet og anerkjennande kommunikasjon

Generelt skal studenten styrke kompetansen sin i å bruke relevant teori og praksis i arbeidet med pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen. Vidare skal studenten styrke kompetansen i å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon

Fagleg oppbygging

Studieprogrammet er bygd opp av to emne. Emnet Kommunikasjon, språk og tekst – prosjektarbeid går over to semester, og har fokus på planlegging, gjennomføring, dokumentering og vurdering av utviklingsarbeid i barnehagen knytt til fagområdet kommunikasjon, språk og tekst. Det andre emnet Organisasjon, leiing og dokumentasjon går over eit semester. Det er ikkje avgjerande kva for eit av emna studenten startar med. Sjå emneplanane for meir informasjon.

Studiet er eit nettstøtta samlingsbasert studium. I emnet kommunikasjon, språk og tekst – prosjektarbeid, er det 4 dagssamlingar og 3 kveldssamlingar. I emnet organisasjon, leiing og dokumentasjon er det 3 samlingar à 2 dagar.

Sjå emneplanane for nærare informasjon om eksamen.

KULL 2010/2011

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H)
PUB101 Kommunikasjon, språk og tekst -
prosjektarbeid
15,00 O 7,5 7,5  
PUB102 Organisasjon, leiing og dokumentasjon 15,00 O     15
Sum: 7,5 7,5 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Studieprogramansvarleg

Ellen Jåvold, tlf. 70075437, ellen.jaavold@hivolda.no

Studieprogramkode

PUB

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon