Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Spesialpedagogikk

Engelsk studieprogramnamn

Special Education

Studietype

Mastergradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

120 studiepoeng

Studielengd

Fire semester heiltid - sju semester deltid

Opptakskrav

Sjå forskrift om opptak til Høgskulen i Volda, datert 5. mars 2008, § 13, her:
http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20090305-0288.html

Innleiing

Studiet i spesialpedagogikk har som utgangspunkt at all opplæring i barnehage og skule skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak.
Masterstudiet i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta
  • FoU-aktivitet i barnehage og skule
  • doktorgradsstudium

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten

  • har kunnskapar om sentrale overordna spørsmål i det spesialpedagogiske feltet
  • har kunnskapar om inkludering som opplæringsperspektiv
  • har kunnskapar om føresetnader for læring og utvikling i mangfaldet av barn, unge og vaksne
  • har kunnskapar om forskingsmessig tilnærming til fagfeltet

Ferdigheit
Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg utbyte for den enkelte
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid

Generell kompetanse
Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
  • kan grunngje demokratisk haldning og handling som nødvendig grunnlag for inkludering

Fagleg oppbygging

a. Studiet er delt inn i seks emne. SPESPED301: Overordna perspektiv på inkludering (15 stp), SPESPED302: Utvikling og læring (15 stp), SPESPED303: Språkutvikling og språkvanskar (15 stp), SPESPED304: Leiing og åtferd (15 stp), SPESPED316: Vitskapsteori og forskingsmetode (20 stp), SPESPED317: Masteravhandling (40 stp.). Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet som master i spesialpedagogikk. Det er ein føresetnad at studentane byrjar med emne SPESPED301, ein kan eventuelt ta dette parallelt med andre emne. Emna SPESPED316 og SPESPED317 skal gjennomførast til slutt. Emne SPESPED316 må vere avslutta med godkjent resultat før studenten kan ta til på emne SPESPED317. Innhaldet i emna blir presenterte seinare i dokumentet (sjå emnetabellane).

b. NB! Emneplanane som ligg i 2.studieåret i heiltidsstudiet (og 2. og 3. og 4.studieåret i deltidsstudiet) kan bli reviderte/endra i samband med den årlege gjennomgangen av studie- og emneplanar. Dette kan også gjelde t.d. arbeidskrav og eksamensordning.

c. Etter individuell vurdering er det mogleg å nytte godkjende emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om innpassing i studiet. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

d. Emna SPESPED316 og SPESPED317 har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til emne SPESPED316 skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Studentar som har gjennomført emne SPESPED316 med godkjent resultat kan ta til direkte på emne SPESPED317.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
SPESPED301 Overordna perspektiv på inkludering i
barnehage og skule
15,00 O 15      
SPESPED303 Språk- og leseutvikling 15,00 O 15      
SPESPED302 Utvikling og læring i barnehage og
skule
15,00 O   15    
SPESPED304 Leiing og åtferd 15,00 O   15    
SPESPED316 Vitskapsteori og forskingsmetode 20,00 O     20  
SPESPED317 Masteravhandling 40,00 O       40
SPESPED306 Vitskapsteori, forskingsmetode og
statistikk
15,00 O     15  
SPESPED307 Masteroppgåve 30,00 O       30
Sum: 30 30 20 40
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H)
SPESPED301 Overordna perspektiv på inkludering i
barnehage og skule
15,00 O 15            
SPESPED302 Utvikling og læring i barnehage og
skule
15,00 O   15          
SPESPED303 Språk- og leseutvikling 15,00 O     15        
SPESPED304 Leiing og åtferd 15,00 O       15      
SPESPED316 Vitskapsteori og forskingsmetode 20,00 O         20    
SPESPED317 Masteravhandling 40,00 O           20 20
SPESPED306 Vitskapsteori, forskingsmetode og
statistikk
15,00 O         15    
SPESPED307 Masteroppgåve 30,00 O           15 15
Sum: 15 15 15 15 20 20 20
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Emna SPESPED301, SPESPED302, SPESPED303, SPESPED304 går over eitt semester, og med fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. Emnet SPESPED316 har fem konsentrerte samlingar, to til tre dagar kvar, ca. kvar fjerde veke. For emne SPESPED317 er det obligatorisk med ei samling over 4 dagar i Volda i januar. Emne SPESPED317 kan leggast over eit semester som heiltidsutdanning og to semester som deltidsutdanning.

Evaluering og kvalitetssikring

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i fagutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor

Studieprogramansvarleg

Grete D.Berg, greted.berg@hivolda.no tlf. 70075355/ Lidveig Bøe, lidveig.boe@hivolda.no Tlf. 70075275

Studieprogramkode

SPESPEDMG

Avdeling

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon