Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Religion, livssyn og etikk

Engelsk studieprogramnamn

Christianity, religions and world views

Studietype

Delstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 studiepoeng (2 x 15 studiepoeng)

Studielengd

1 eller 2 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Studiet gir grunnleggande kunnskapar innafor fagområdet religionar, livssyn, etikk og filosofi og gir kompetanse til å undervise i RLE i grunnskulen og kan inngå som del av årsstudium i RLE. Emna i halvårsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
  • har grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
  • kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg

Fagleg oppbygging

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
REL111 Bibelen - tekst og tolking 15,00 V 15  
REL112 Religion og livssyn 15,00 V 15  
REL113 Tru og tradisjon 15,00 V   15
REL114 Religions- og livssynsundervisning i eit
fleirkulturelt samfunn
15,00 V   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

I emnet Religion og livssyn inngår det ein ekskursjon til London (i haustsemesteret). Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. (Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte).

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Kristin Hatlebrekke, 70075253, hatlekri@hivolda.no

Studieprogramkode

KRL30

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon