Animasjon
- Studiepoeng/lengd: 180 / 6. semester / 3 år
- Opptakskrav:
- Søknadsfrist:
15. april
- Søknadskode: 223 451 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Fagansvarleg Andres Mãnd
Om programmet
Er du kreativ og har interesse for formgiving og visuelle medium, eller kunne du tenkje deg å jobbe med animasjonsfilmar? Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene, og studentar haustar årleg prisar i internasjonale filmfestivalar. Mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda.
Bachelorprogrammet er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design- og produksjonsteori. Innhaldet i dei praktiske emna er mellom anna innføring i teiknefilm, tradisjonell cutout, stop-motion (dokkefilm), grafisk design, bruk av Adobe Flash, digital cutout/motion design ved hjelp av program som After Effects, og bruk av Photoshop og 3D-software som Maya.
Oppbygging og gjennomføring
Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium med få valfrie emne. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga som er knytt til dei, er obligatorisk. Teoriundervisninga føregår i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa skjer. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging i alle ledd i produksjonen. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap. Studentane vert oppfordra til å arbeide delar av fjerde eller femte semesteret i eit profesjonelt animasjonsstudio.
Aktuelle yrke og vidare studium
Den norske animasjonsbransjen er i sterk vekst og rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag svært vanleg, og i tillegg treng digitale medium (CD-rom, Internett, dataspel m.m.) animatørar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm) og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradsprogram i Noreg og i utlandet.
Eit semester i utlandet
Det vert lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Kina, Tyrkia, Kroatia og Frankrike.
Sjå også: Studieplan for Animasjon (bachelorgrad)
Utskriftsvennleg versjon

