PR, kommunikasjon og media
- Studiepoeng/lengd: 180 / 6. semester / 3 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
15. april
- Søknadskode: 223 453 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Fagansvarleg Jens Groven
Om programmet
For dei fleste organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer internt og med omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi. Bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer deg til å planleggje og gjennomføre kommunikasjonstiltak i offentleg eller privat sektor, eller i organisasjonar.
Dei sentrale faga i bachelorgraden er informasjon og samfunnskontakt (Public relations), journalistikk og medievitskap. Det er også eit viktig mål å gi studentane eit bevisst forhold til tale-, bilet- og skriftspråk. Du får innføring i krisekommunikasjon, framførings- og presentasjonsteknikk, etikk, organisasjonsteori, språkbruk i formidling, organisering av prosjekt og ulike former for tekstproduksjon og kommunikasjon – både på papir og nett. Du lærer også om massemedia og korleis publikum tolkar, bruker og let seg påverke av massemedia, og du får nyttig innsikt i journalistisk tenkjemåte og arbeidsmetode.
Oppbygging og gjennomføring
Studieprogrammet har følgjande innhald:
- Informasjonsfag (90 stp.)
- Medievitskap (45 stp.)
- Journalistikk (15 stp.)
- Valfrie fag (30 stp.).
Arbeidsformene er ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske praksisperiodar og innleveringsoppgåver. Emna i medievitskap vert gjennomførte saman med studentar frå dei andre medieutdanningane.
Praktisk øving er ein viktig del av studiet. Praksisen er fordelt over fire periodar på til saman seks månader. I første og andre praksisperioden lagar du internavis, presentasjonar, brosjyrar og lærer å publisere via Internett. I tredje praksisperioden vil du arbeide saman med andre i grupper og utarbeide informasjonsplanar og kampanjar for bedrifter og organisasjonar. I den siste praksisperioden vert du utplassert i private bedrifter, offentleg forvaltning eller i ulike organisasjonar. Her vil du ta del i det daglege arbeidet i ei informasjonsavdeling og få eit godt innblikk i arbeidslivet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Behovet for folk med kunnskap om kommunikasjon er stort på mange samfunnsområde, og utsiktene til arbeid er difor mange og varierte. Utdanninga i PR, kommunikasjon og media har lange tradisjonar og eit godt utbygd nettverk til sentrale yrkesmiljø. Gjennom utplassering i arbeidslivet i siste semesteret får også kvar einskild student direkte kontakt med desse yrkesmiljøa, noko som er svært nyttig ved seinare jobbsøking. Bachelorprogrammet dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.
Eit semester i utlandet
Det er lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet (inntil eitt semester) ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved Griffith College i Irland eller Hawaii Pacific University.
Sjå også: Studieplan for PR, kommunikasjon og media (bachelorgrad)
Utskriftsvennleg versjon


