Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Organisasjon og leiing i barnehagen

Studietype

Vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

30 stp

Studielengd

2

Opptakskrav

Førskulelærarutdannning eller fullført dei to første åra av utdanninga

Innleiing

Emnet fokuserer på barnehagen som organisasjon. Ei heilskapleg forståing av barnehagen krev at studentane opparbeider innsikt i det å bruke eit organisasjonsperspektiv for å analysere barnehagearbeidet. Styrar er dagleg leiar for verksemda og er arbeidsleiar for personalet. Avdelingsleiar (pedagogisk leiar) har også eit leiaransvar innanfor barnehagen. Tydeleg leiing er ein nøkkel for å utvikle barnehagane, noko som stiller krav til korleis leiarrolla vert utøvd. Arbeid med leiarroller er difor viktig. Ein legg også vekt på å presentere ny kunnskap og erfaring frå utviklingsarbeid i barnehagen. Personlege, sosiale og kulturelle forhold utgjer viktige premissar i dette arbeidet. Studentane skal få auka innsikt i ulike prosessar som fører til krav om fornying og omstilling. Utviklingsarbeid er ein viktig del av arbeidet med kvalitetssikring i barnehagen. Studentane skal få innsikt i korleis ein kan planleggje, gjennomføre og evaluere eit utviklingsarbeid i eigen institusjon, der ein også ser på strategiar og metodar for å styrke brukarane (barn og foreldre) si deltaking i utviklings- og fornyingsarbeidet.

Emnet tek også sikte på å klargjere dei samfunnsmessige føringane for barnehagane si verksemd, og sjå på målsetjingsarbeid og planarbeid på ulike nivå i samfunnet. Vi skal vidare arbeide med det politiske og administrative systemet (etatskunnskap), der ein mellom anna studerer rutinar og praktiske oppgåver. Barnehageleiarane sine spesielle arbeids- og ansvarsområde inngår også som ein viktig del i emnet, og lover og forskrifter som regulerer arbeidsforhold i barnehagen vil bli tekne opp. Sentralt er også det ansvar og dei oppgåver kommunane har overfor barn og unge, med særleg vekt på førebyggjande arbeid. Fleire emne tek opp arbeidet med å skape forståing for samordning og samarbeid når det gjeld barn sitt totale oppvekstmiljø. Ein tek sikte på å auke studentane sin samarbeidskompetanse på tvers av fag, profesjonar og institusjonar i oppvekstsektoren.

Viktige område er:
· Organisasjonsteoretiske retningar
· Grunnleggjande prosessar i organisasjonar
· Leiing i organisasjonar med spesielt fokus på leiing i barnehagen
· Kommunikasjon, samhandling og motivasjon
· Makt og konflikt
· Organisasjonskultur, personlege, sosiale og kulturelle forhold
· Organisasjonsutvikling
· Det politiske og administrative systemet på ulike nivå - oppbygging, funksjon, samspel
· Rammevilkår, styring og økonomi i kommunar og barnehagar
· Barnehagen sin plass i styringssystemet
· Barnehagen i lokalsamfunnet
· Planleggingsarbeid, vurdering og kvalitetssikring
· Lovverk, saksbehandling og praktisk administrativt arbeid
· Personalarbeid og personalutvikling
· Samordning og heilskapstenking mellom profesjonar, fag og etatar på oppvekstområdet

Læringsutbytte

Det er eit mål at studenten:
· Tileignar seg pedagogisk og samfunnsfagleg innsikt og evne til å kunne vurdere og analysere barnehageverksemda i ulike perspektiv
· Tileignar seg teoretisk kunnskap om leiing og leiingsteoriar, og utvikle større innsikt i kva leiarrolla i barnehagen inneber knytt til personal-, administrativ- og pedagogisk leiing
· Skaffar seg kunnskap om og forståing for førskulelæraren si rolle i eit komplekst samfunn
· Tileignar seg djupare forståing for dei samfunnsmessige rammer og føringar som gjeld for barnehagedrifta, med vekt på kunnskap om det politiske og administrative systemet (etatskunnskap)
· Kan skape forståing for at samordning og samarbeid mellom profesjonar og etatar er nødvendig når det gjeld det barn oppvekstmiljø
· Skaffar seg innsikt i administrative system, rutinar og praktiske oppgåver for leiarar i barnehagen
· Tileignar seg innsikt i sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer verksemda i barnehagen, samt lover og reglar knytt til barn, familie og samfunn

Fagleg oppbygging

Studiet består av eit emne på 30 studiepoeng. Undervisninga på nett går over eit heilt studieår med eksamen i vårsemesteret. Studentane må ha godkjent to arbeidskrav i haustsemesteret og to arbeidskrav i vårsemesteret for å kunne gjennomføre eksamen. Praksisgjennomføring og praksisrapport eller praksiskompensatorisk arbeid er eit av arbeidskrava i vårsemesteret.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
FLUFORG Organisasjon og leiing i barnehagen 30,00 O 15 15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Tredjeårsstudentar i førskulelærarutdanninga skal gjennomføre praksis i vårsemesteret. Praksis vert organisert som barnehageovertaking. Praksis og praksisrapport skal vere i samsvar med gjeldande praksisplan.
Vidareutdanningsstudentar/utdanna førskulelærarar skal ikkje ha praksis i vårsemesteret. Desse studentane skal utføre eit praksiskompensatorisk arbeid som skal vere av omlag same arbeidsomfang som barnehagepraksisen.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet er spesielt tilpassa førskulelærarstudentar i 3. studieår og førskulelærarar med interesse for etterutdanning/vidareutdanning i organisasjon og leiing av barnehagar.
Sidan dette er eit reint nettstudium med 2-4 samlingar er det nødvendig at studentane har god nettilgang og grunnleggjande kjennskap til bruk av dataverktøy.

Evaluering og kvalitetssikring

Det vil bli gjennomført eit eige evalueringsopplegg for studiekvalitet der studentar og lærarar i fellesskap vurderer kvalitet og læring i emnet.

Studieprogramansvarleg

Bjørn Gunnar Tafjord. Telefon: 70 07 53 67 (ktr.), 993 64 801 (mob.). E-post: bt@hivolda.no

Studieprogramkode

ORG1V

Avdeling

Avdeling for samfunnsfag og historie


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon