Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Samfunnsplanlegging og leiing

Engelsk studieprogramnamn

Master of sciences in planning and leadership

Studietype

Mastergradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

120 studiepoeng

Studielengd

Studiet kan takast på fulltid, 4 semester eller på deltid, normalt 8 semester etter individuell plan.

Opptakskrav

Sjå forskrift om opptak til Høgskulen i Volda, datert 5. mars 2008, § 12, her:

http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20090305-0288.html

Innleiing

Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar.

Planleggar og leiar er ofte noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Vidare er det slik at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling. Som den einaste utdanningsinstitusjonen i landet tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. I dette studiet legg vi vekt på å knyte saman teori og praksis og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studiet legg vidare vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige kapasitetsbyggande prosessar.Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.

Formell kompetanse på masternivå gir høve til å søke doktorgradsprogram.

Læringsutbytte

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studiet gi studentane:

  • Kunnskap og forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg økonomisk, sosial og økologisk berekaftig utvikling.
  • Eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar.
  • Ferdigheiter til å knyte saman teori og praksis i kritiske analyser.
  • Evne til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.
  • Erkjenning av at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei heilskapleg samfunnsutvikling.

Fagleg oppbygging

Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna IPA301 Regional planlegging og utvikling (15 stp), IPA303 Offentleg organisering og leiing (15 stp), IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og IPA308 Masteroppgåve (30 stp) eller IPA309 Masteroppgåve (45 stp) er obligatoriske. Dersom studenten vel å skrive masteroppgåve på 45 stp, blir den valfrie delen av studiet 30 stp. Ein kan velje dei valfrie emna frå ein meny av førehandsgodkjende emne, eller søke om å få godkjend andre emne. Høgskulen kan setje sperre mot einskilde emne med fagleg overlapping. Tilbodet av valfrie emne ved Høgskulen i Volda kan variere frå år til år. Høgskulen er ikkje bunden til å gi alle valfrie emna kvart studieår. Det er høve til å lage individuelle utdanningsplanar ved å få godkjent innpassing av anna utdanning på masternivå eller lang relevant praksis.

Ved oppstart lagar du ein utdanningsplan for studiet ditt ved høgskulen som syner kva for emne mastergraden skal innehalde (valfrie emne, innpassing av anna utdanning som erstatning for obligatoriske emne, praksis, utlandsstudium m.m.) og framdrifta av studiet (heiltid, deltid, rekkefølgje på emne m.m.).

Undervisning tilrettelagt både for deltids- og heiltidsstudium

Undervisninga på 15 poengs emna er organisert med tre vekesamlingar fordelt på eitt semester. Undervisninga på 30/45 poengs emna er normalt organisert med fem til seks vekesamlingar fordelt på to semester. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og fulltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Det er lagt stor vekt på å kombinere førelesingar med dialog, seminar, gruppearbeid m.m. Arbeidsoppgåver mellom samlingar inngår i evalueringa. Studentar kan i stor grad arbeide med eigne tema og arbeidsoppgåver. E-mail, web-program m.m. vert aktivt brukt for å følgje opp og rettleie studentar. Når det er samlingar i Volda, vil Studentsamskipnaden for Sunnmøre normalt kunne tilby studenthyblar.

HEILTID

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
IPA301 Regional planlegging og utvikling 15,00 O 15      
IPA303 Offentleg organisering og leiing 15,00 O   15    
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori 15,00 O     7,5 7,5
IPA308 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og
leiing (30 stp)
30,00 O     15 15
IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og
leiing (45 stp)
45,00 O     22,5 22,5
IPA302 Prosessleiing i samfunn og
organisasjonar
15,00 V   15    
IPA304 Leiing og personalutvikling 15,00 V 15      
IPA310 Lokal klimaplanlegging 15,00 V     15  
SKUL301 Utdanningsleiing 30,00 V 15 15    
MEI301 Meistring og myndiggjering –
samhandlingsperspektivet
15,00 V 15      
MEI302 Meistring og myndiggjering –
strukturperspektivet
15,00 V   15    
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen 15,00 V 15      
RUS302 Tiltak mot rusproblem 15,00 V   15    
KUM301 Nasjon, kultur og religion 15,00 V 15      
KUM303 Vest-Noreg og Nordsjøregionen,
kulturelle kontrastar og kontaktar over
Nordsjøen 1750-1940
15,00 V   15    
KUM304 Al-Andalus - politisk hegemoni og
kulturell pluralisme i iberisk
mellomalder 711-1501
15,00 V   15    
KUM305 Brennpunkt Midtausten 15,00 V   15    
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

DELTID - tilrådd emnerekkefølgje. Studenten kan endre rekkefølgja på dei første 60 stp. i utdanningsplanen på Studentweb.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
IPA301 Regional planlegging og utvikling 15,00 O 15              
IPA303 Offentleg organisering og leiing 15,00 O   15            
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori 15,00 O         7,5 7,5    
IPA308 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og
leiing (30 stp)
30,00 O         7,5 7,5 15  
IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og
leiing (45 stp)
45,00 O         7,5 7,5 15 15
IPA302 Prosessleiing i samfunn og
organisasjonar
15,00 V       15        
IPA304 Leiing og personalutvikling 15,00 V     15          
IPA305 Livsløp, velferd og planlegging 15,00 V       15        
IPA310 Lokal klimaplanlegging 15,00 V     15          
SKUL301 Utdanningsleiing 30,00 V     15 15        
MEI301 Meistring og myndiggjering –
samhandlingsperspektivet
15,00 V     15          
MEI302 Meistring og myndiggjering –
strukturperspektivet
15,00 V       15        
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen 15,00 V     15          
RUS302 Tiltak mot rusproblem 15,00 V       15        
KUM301 Nasjon, kultur og religion 15,00 V     15          
KUM303 Vest-Noreg og Nordsjøregionen,
kulturelle kontrastar og kontaktar over
Nordsjøen 1750-1940
15,00 V       15        
KUM304 Al-Andalus - politisk hegemoni og
kulturell pluralisme i iberisk
mellomalder 711-1501
15,00 V       15        
KUM305 Brennpunkt Midtausten 15,00 V       15        
Sum: 15 15 15 15 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Innpassing av tidlegare utdanningar - generelt

Relevante emne på mastergradsnivå frå høgskulen eller andre utdanningsinstitusjonar kan søkast innpassa som valfrie eller obligatoriske emne. Når det gjeld søknader om innpassing av utdanning frå andre høgskular og universitet, krev vi at studentane legg fram dokumentasjon frå den aktuelle institusjonen om det faglege innhaldet, slik at HVO kan vurdere innpassing av einingane i mastergraden.

Innpassing av tidlegare utdanning ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS) - før oppgradering til masternivå

Tidlegare studentar ved HVO som har fullført vidareutdanningar som ti-vekttalseiningar og som etter 2000 er oppgraderte til mastergradsnivå, kan få innpassa desse i mastergraden. Dette gjeld vidareutdanningane Regional planlegging og utvikling og Regioplan Nordvest som blir innpassa som valfritt emne med 30 stp i mastergraden. Dei studentane som får slik innpassing, kan grunna overlapping ikkje velje emnet IPA302 Prosessleiing i samfunn og organisasjonar, 15 stp. Vidare gjeld dette vidareutdanningane Leiing for offentleg tilsetje (LOT) og Offentleg organisering og leiing som blir innpassa som valfritt emne på 30 stp.

Innpassing av tidlegare utdanning ved IPAS - etter oppgradering til masternivå

Studentar som har fullført masteremnet Regional planlegging og utvikling medan dette var på 30 stp, vil få fritak frå det obligatoriske emnet IPA301 Regional planlegging og utvikling (15 stp) pluss 15 valfrie stp. Dei studentane som får slik innpassing, kan grunna overlapping ikkje velje emnet IPA302 Prosessleiing i samfunn og organisasjonar, 15 stp. Studentar som har fullført masteremnet Offentleg organisering og leiing medan dette var på 30 stp, vil få fritak for det obligatoriske emnet IPA303 Offentleg organisering og leiing (15 stp) pluss 15 valfrie stp.

Innpassing av utanlandsopphald

Studentar kan søke om å få innpassa andre emne som dei ønskjer å ta ved høgskular og universitet i andre land. Slike emna må vere på mastergradsnivå. I samband med planlagt utlandsopphald vil høgskulen hjelpe til med å organisere og førehandsgodkjenne utdanning og/eller praksis.

Innpassing av lang relevant praksis

Studentar med lang og spesielt relevant praksis innan leiing og/eller samfunnsplanlegging og samfunnsarbeid kan søke om å få denne godkjend som valfri eining på 15 eller 30 stp. I slike tilfelle får studenten i oppgåve å lage til ein eigen praksisrapport som vurderer eige arbeid i ein teoretisk og metodisk samanheng.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Alle emna med unntak av Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp), kan takast som frittståande vidareutdanningar.

For dei som berre tek emne som vidareutdanningar, blir gitt karakterutskrifter.

For dei som har fullført mastergraden vil det bli utskrive eit eige vitnemål som gir rett til å bruke nemninga Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Studieprogramansvarleg

Professor Dr. Roar Amdam, 7007 5124, ram@hivolda.no

Studieprogramkode

SAMFPLMG

Avdeling

Avdeling for samfunnsfag og historie


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon