Naturfag i grunnskulen
- Studiepoeng/lengd: 60 / 2 semester / 1 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse og REALFA, dvs. R1/(S1+S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2). Eller tilsvarande.
- Søknadsfrist:
Restetorget opnar 20. juli
- Søknadskode: 223 666 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Om programmet
Vil du lære meir om prosessane og tilhøva i naturen? Innsikt i naturvitskapane er grunnleggjande i forsøk på å forstå verda vi lever i. Naturfag i grunnskulen gir grunnleggjande kunnskapar i mange ulike delar av naturvitskapane og er sett saman av ulike vitskapsområde som biologi, fysikk, kjemi og geofag. Målet er å gi deg eit fagleg og didaktisk grunnlag for å undervise i desse emna i grunnskulen. Undervisning i naturfag er meir enn å vidareformidle det ein finn i bøker; den skal også øve opp bruken av naturvitskaplege metodar og tenkjemåtar hos studentar og elevar. Eksperimentelt arbeid og praktiske aktivitetar ute i naturen er difor viktige komponentar av studiet.
Oppbygging og gjennomføring
Studiet er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Arbeidsformene vil variere mellom teoriundervisning i plenum, laboratoriearbeid og feltarbeid, og rettleiing individuelt og i gruppe. Studentane må betale 100 kroner i materialpengar pr. emne og må disponere eit digitalkamera til å dokumentere praktisk arbeid.
Aktuelle yrke og vidare studium
Det er stort behov for lærarar med naturvitskapleg kompetanse, og årsstudium i naturfag skal kvalifiserer deg til å undervise i naturfag i grunnskulen eller til å arbeide med andre naturvitenskaplege oppgåver i næringsliv og offentleg verksemd. Studiet kan inngå som valfri del i ulike bachelorgradar.
Sjå også: Studieplan for Naturfag i grunnskulen (årsstudium)
Utskriftsvennleg versjon
