Førskulelærarutdanning
- Studiepoeng/lengd: 180 / 6. semester / 3 år
- Opptakskrav:
Generell studiekompetanse
- Søknadsfrist:
Restetorget opnar 20. juli
- Søknadskode: 223 130 i Samordna opptak
- Kontaktperson:
Studieleiar Elisabeth Welle
Om programmet
Førskulelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing for og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen. Studiet er profesjonsretta og forskingsbasert. Utdanninga skal gi kandidaten solid fagleg, didaktisk og sosial kompetanse og dessutan evne til yrkesetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Utdanninga tek utgangspunkt i førskulelæraren sine arbeidsområde og i gjeldande planar og lovverk.
Gjennom studiet skal studenten opparbeide seg kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag, og få innsikt i kva samfunn og kultur har å seie for barns oppvekst og utvikling. Dei skal kvalifisere seg til å ivareta barn sitt behov for omsorg og leik, og å fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling i samarbeid og forståing med heimen til barnet.
Oppbygging og gjennomføring
Utdanninga er organisert med vekt på studentaktive læringsformer i eit sosialt samspel. Undervisninga går føre seg i plenum og i seminar- og basisgrupper. Programmet omfattar ein obligatorisk del på 135 studiepoeng med stor fagleg breidd og ein valfri del på 30 studiepoeng og ei obligatorisk bacheloroppgåve på 15 studiepoeng. Den obligatoriske delen omfattar faga pedagogikk, norsk, naturfag, matematikk, musikk, fysisk fostring, forming, drama, RLE (religion, livssyn og etikk) og samfunnsfag, som er organiserte i kunnskapsområde. Den valfrie delen er ei fordjuping i fag eller fagområde som har relevans for arbeidet i barnehagen.
Nokre fag legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen, og studentane må difor rekne med kostnader til slike føremål. Praksis er ein integrert del av alle fag og all fagdidaktikk, slik at kunnskap vert utvikla gjennom praksis og fagstudium. Praksisopplæringa har eit samla omfang på 20 veker.
Aktuelle yrke og vidare studium
Dyktige og engasjerte førskulelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet, og er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod. Det er stort behov for kvalifiserte førskulelærarar i dagens samfunn. Utdanninga kvalifiserer deg til arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon.
Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk (kvalifiserer til spesialpedagogisk arbeid) er førskulelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Du er også kvalifisert for opptak på masterstudiet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergradsprogram.
Eit semester i utlandet
Som tredjeårsstudent kan du velje feltarbeid i pedagogikk/samfunnsfag i utlandet. Mellom anna har Høgskulen i Volda avtale med Namibiaforeininga.
Sjå også: Studieplan for Førskulelærarutdanning (bachelorgrad)
Utskriftsvennleg versjon

